Øv på heil- og leddsetningar - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øv på heil- og leddsetningar

I denne ressursen skal du øve deg på å lage setningar som inneheld både heil- og leddsetningar.

Dette er ein del av ein læringssti om leddsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei leddsetning?"

Oppgåve 1. Subjekt og verbal på rett plass

Tips før oppgåva

I denne oppgåva skal du øve deg på å setje subjekt og verbal på rett plass i heilsetninga. Hugs at når leddsetninga står først, skal verbalet i heilsetninga stå rett etter komma:

  • I setninga "Viss du er sjuk, du bli heime", er "må" verbalet og står rett etter komma i heilsetninga.

Viss heilsetninga står først, skal verbalet stå på andreplass:

  • I setninga "Du bli heime viss du er sjuk" er "må" verbalet og står på andreplass i heilsetninga.

Oppgåve 2. Heil-og leddsetning

Oppgåve 3. Lag eigne setningar

  1. Sit i par. Under ser de fem bilete. Til kvart bilete står det ei leddsetning. Fullfør setninga ved å finne på ei heilsetning som passar til.

  2. Gå med eit anna par. Les setningane høgt for kvarandre. Gi så tilbakemelding på om de har plassert orda i rett rekkefølge. Spør læraren om de er i tvil.

Oppgåve 4. Fullfør setninga

I oppgåva under står det ei heilsetning. Set inn orda over i rett rekkefølge for å lage ei leddsetning som høyrer saman med heilsetninga.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å skrive heilsetningar som inneheld ei leddsetning.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.12.2023