Heilsetning og leddsetning saman - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Heilsetning og leddsetning saman

Korleis skal du lage gode setningar? Her kan du lære meir om kvar du skal plassere ledda i heil- og leddsetningar.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbal.
Subjekt
Subjektet er den som handlar i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Heilsetning
Heilsetningar kan stå åleine og gi meining. På norsk må nesten alle heilsetningar ha eit subjekt og eit verbal: I setninga "Han går" er "han" subjekt og "går" verbal.
Leddsetning
Leddsetningar er setningar som ikkje kan stå åleine ("fordi vi er sjuke"). Vi kjenner dei igjen ved at dei startar med ein , som til dømes at, når, fordi, da...
V2-regelen
V2-regelen er at verbalet skal stå på andreplass i vanlege heilsetningar på norsk: "Eg et no" og "No et eg". Legg merke til at subjektet "eg" står bak verbalet "et" i den siste setninga. Årsaka er altså V2-regelen.
Forteljande heilsetning
Forteljande heilsetningar er dei vanlegaste setningane som ikkje er spørsmål eller leddsetningar. Vi bruker desse for å fortelje noko: "Anna et" og "Eg må sove".

Dette er ein del av ein læringssti om leddsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei leddsetning?"

Heilsetning og leddsetning

Under ser du to setningar som begge inneheld ei leddsetning. I den første setninga står leddsetninga sist, i den andre står ho først. Legg merke til kvar verbalet (går) står i dei to heilsetningane:

  • Eg går viss han kjem.

  • Viss han kjem, går eg.

La du merke til at verbalet (går) og subjektet (eg) står på ulik plass i dei to setningane?

V2-regelen er årsaka

Grunnen til at verbalet og subjektet står på ulik plass i setningane, er . Han seier nemleg at i skal verbalet alltid stå på andreplass.

I den første setninga: "Eg går viss han ikkje kjem snart" står verbalet ("går") etter subjektet ("eg"). Dette er lett å forstå. Subjektet har førsteplass, då må verbalet ha andreplass.

Men kvifor står verbalet før subjektet i setninga "Viss han ikkje kjem snart, går eg"?

Leddsetninga har førsteplass

Årsaka er at vi seier at har førsteplass, akkurat slik subjektet hadde i den andre setninga. Derfor skal verbalet alltid stå først etter ei leddsetning:

  • I setninga "Då han hadde eksamen, blei han nervøs" står verbalet "blei" først etter leddsetninga "Då han hadde eksamen".

  • I setninga "Når vi er saman, er vi lykkelege" står verbalet "er" først etter leddsetninga "Når vi er saman".

Komma og leddsetningar

Når leddsetninga står først i ei setning, skal du ha komma etter denne:

  • Viss han ikkje kjem snart, går eg. ("Viss han ikkje kjem snart" er ei leddsetning.).

  • Når han løper, er han glad. ("Når han løper" er ei leddsetning.).

Når leddsetninga står til slutt, skal du ikkje ha komma:

  • Eg går viss han ikkje kjem snart.

  • Han er glad når han løper.

Gå vidare i læringsstien for å øve på å lage eigne heil- og leddsetningar.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2024