Utforsk skrivestilen i Lappjævel

Del 1: Kven har makta?
I det første utdraget frå romanen Lappjævel er det tre karakterar: Sammol, far til Sammol og rektor Rygh. Utdraget handlar ganske mykje om makt, altså – kven har makt over kven?
Les utdraget og beskriv kven som har mest makt og kven som har minst makt, slik du tolkar teksten. Grunngi svaret ditt ved å vise til døme i teksten.
Sjå på beskrivingane av Sammol, faren og rektor Rygh i tabellen under. Korleis bruker forfattaren språket til å vise kven som har mest makt?
Kvifor trur du forfattaren har valt å beskrive Sammol, faren og rektor Rygh på denne måten?
Beskrivingar av Sammol | Beskrivingar av far til Sammol | Beskrivingar av rektor Rygh |
|---|---|---|
|
| |
|
| |
|
|
|
|
|
|
Del 2: Å vere utanfor og annleis
Utdrag 2 handlar om korleis Sammol blir mobba fordi han har samiske klede og er annleis. Isko er leiaren for mobbarane og er ein slem gut, men det står ikkje direkte at han er slem. I staden kjem det fram gjennom den indirekte personskildringa, altså gjennom skildringar av korleis han a) ser ut, b) måten han oppfører seg på og c)kva han seier (replikkar).
Finn minst to beskrivingar av a) korleis Isko ser ut b) måten han oppfører seg på og c) replikkar, som viser at Isko er slem.
Del 3: Å forandre seg
I det tredje utdraget skjønner vi at Sammol har forandra seg. Han er ikkje lenger berre ein redd liten gut. Men korleis har han forandra seg?
Les gjennom utdraget. Beskriv korleis Sammol har forandra seg frå det første utdraget til dette.
Finn sitat som du synest viser denne forandringa.
Korleis tolkar du dette utdraget frå teksten?
Det gjelder å ikke skille seg ut. Det var det jeg gjorde feil i starten. Jeg var for mye Sammol. Nå slutter jeg med det. Nå sier jeg ikke det navnet lenger i det hele tatt. Nå må jeg være Samuel.
Del 4: Skamma
I den siste delen er Sammol saman med far sin for å fange inn reinsdyr. Sammol har gløymt eit samisk ord og skammar seg. Men det står ikkje direkte at han skammar seg. Finn sitat frå teksten som viser Sammol si skam.
Del 5: Samanfatt
"Vis, ikkje fortel" er eit tips for å skrive gode historier. Det betyr at du skal vise lesarane korleis karakterane i historia har det, ikkje fortelje direkte. Ein god forfattar skriv gjerne ikkje "han er sint", men viser det ved å beskrive utsjånaden, replikkar og handlingane til ein karakter.
Gå saman i grupper og diskuter:
Korleis skriv Katrine Nedrejord for å vise at rektor Rygh har makt over faren og Sammol?
Korleis skriv ho for å vise at personar er slemme?
Korleis viser ho at Sammol går gjennom ei forandring i løpet av historia?