Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Språk og identitet i Tante Ulrikkes vei

Romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar handlar om to gutar som er akkurat like gamle. Dei veks opp på same staden, og begge har foreldre frå Pakistan. Likevel er språket deira ulikt. Klarer de å forklare kvifor det er slik?

Språk som identitetsmarkør

Det er vanleg å seie at språk er ein identitetsmarkør. Det betyr at vi bruker språket til å vise kven vi er. Til dømes vel ungdom eit anna språk enn eldre. Språket ditt kan vise

  • kva slags kjønn du har
  • kor gammal du er
  • kvar du bur
  • kva gruppe du føler at du høyrer heime i

Del 1: Diskuter eige språk

Set dykk saman i grupper og diskuter:

  1. Synest de at de snakkar eit ungdomsspråk? Her kan de både snakke om førstespråket dykkar og norsk. Kvifor vil de i så fall seie at de snakkar eit ungdomsspråk?
  2. Korleis snakkar dei som er eldre enn dykk? Ulikt eller heilt likt dykk? Forklar med døme.
  3. Vil de seie at gutar og jenter i klassen snakkar ulikt? I så fall – korleis?

  4. Diskuter om de synest dette har noko å seie for korleis de snakkar i heimlandet:

    • om ein har mykje eller lite pengar

    • kvar i byen/bygda de bur

Del 2: To heilt ulike gutar med lik bakgrunn

Romanen Tante Ulrikkes vei handlar om dei to gutane Mo og Jamal. Både Mo og Jamal bur på Stovner, dei er fødde i Noreg, men har foreldre frå Pakistan. Likevel snakkar dei veldig ulikt.

  1. Gå saman to og to. Les utdraget frå romanen Tante Ulrikkes vei over. No skal de lese høgt for kvarandre – ein er Jamal, og ein er Mo.
  2. Etter at de har lese: Korleis vil de beskrive språket til Jamal? Prøv å samanlikne språket hans med det som er "riktig norsk". De kan sjå på dette:

    • Ser de ord som er lånt frå språk som engelsk, arabisk, tyrkisk eller liknande?

    • Finn de døme på feil kjønn på substantiv? Eller feil bøying av substantiv?

    • Kan de finne døme på feil setningsoppbygging (syntaks)?

  3. Kva med Mo sitt språk? Korleis vil de beskrive det?
  4. Kva synest dei to hovudpersonane om heimstaden sin, Stovner?
  5. Kvifor trur de dei to snakkar så ulikt?

Del 3: Sjå intervju og diskuter

Mo og Jamal snakkar veldig ulikt. Kvifor? Har det noko med kven dei ønsker å vere? No skal du sjå eit intervju med ein skodespelar som heiter Sero Yildirim. Han var ein av hovudpersonane i NRK-serien 18 og snakkar ganske likt Jamal. Kanskje noko av det han seier, kan hjelpe dykk med å forstå?

Sjå intervjuet i NRK-programmet Eides språksjov frå 04:40.

Ordforklaringar til Eides språksjov

Korrekt
Korrekt betyr at noko er riktig.
Multietnolektisk
Når eit språk er multietnolektisk, betyr det at eit munnleg språk blandar ord frå mange ulike språk inn i hovudspråket.
Kallenamn
Eit kallenamn er ikkje det ordentlege namnet ditt, men eit namn nokon gir deg.
Kebabnorsk
Kebabnorsk er eit kallenamn på ein måte å snakke på blant ungdommar, spesielt blant innvandrarar eller barn av innvandrarar på Oslo øst. I dag kallar vi det ofte ein "multietnolekt".
Hovudrolle
Den viktigaste personen (karakteren) i ein film/serie har hovudrolla.
Persongalleri
Persongalleriet er personane som speler i ein serie eller i ein film.
"Å hamne utpå"
"Å hamne utpå" betyr å ha problem.
"Å vere ute å køyre"
"Å vere ute å køyre" betyr å vere i vanskar.
Passion (engelsk)
Passion betyr lidenskap, å kjenne veldig sterkt for noko.
Manus
Eit manus er ein tekst som fortel kva skodespelarane skal seie i ein film eller ein serie.
Tonefall
Tonefallet er korleis du går opp og ned i tone mens du pratar, som ein melodi.
Løgn
Løgn er det det motsette av sanning, noko som ikkje er sant.
Instruktør
Ein instruktør er ein som fortel korleis du skal gjere noko.
Utenkeleg
Utenkeleg er noko som ikkje kan skje.
Connection (engelsk)
Connection er eit band, eit forhold. Her er det brukt om band mellom menneske.

Diskuter i grupper:

  1. Kva er det typiske til hovudpersonane frå NRK-serien 18?
  2. Kva likskapar ser du mellom Jamal og Sero sitt talemål?
  3. Kva er det Sero seier som viser at kebabnorsk er noko ein vel å snakke?
  4. Kvifor trur du Jamal vel å snakke kebabnorsk, mens språket til Mo er meir riktig grammatisk?

Del 4: Samanlikn Mo og Jamal skriftleg

No skal du øve deg på å skrive eit avsnitt som samanliknar to . Oppgåva er denne:

  1. Samanlikn Mo og Jamal. Du skal forklare

    • korleis dei snakkar ulikt

    • kvifor dei snakkar ulikt

Målet med oppgåva er altså å vise korleis forfattaren bruker språket for å få fram at dei to hovudpersonane har ulik identitet.

Modelltekst

Sjå gjerne på modellteksten under. Han viser deg korleis du kan setje opp eit avsnitt der du blir beden om å samanlikne noko.

Modelltekst som rein tekst

A. Temasetning

B. Om person 1

C. Om person 2

D. Avslutning

A: Sam og Ole har heilt ulike verdiar. Derfor handlar dei på forskjellige måtar. B: Ein viktig verdi for Sam er likskap. Han meiner at alle skal ha like mykje, og at alle er like mykje verde. Derfor seier han: “Viss eg skal få to, skal ho òg få to.” C: Likskap er ikkje nokon viktig verdi for Ole. For han er fridom viktigare. Han er derfor ikkje oppteken av at alle skal få like mykje. Dette kan vere grunnen til at han seier: “Eg tek alle fire, så reiser vi.” D: Det er altså verdiane til hovudpersonane som gjer at dei oppfører seg så ulikt.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 11.09.2024