Unngå fusk og dårleg kjeldebruk

Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:
- Plagiat
- Plagiat er når du kopierer og bruker noko andre har laga utan å vise kven som har laga det. Du lèt som om det er ditt eige arbeid.
- Fusk
- Å fuske er å bryte reglar for å få betre resultat. Viss du kopierer det andre har skrive utan å oppgi kjelder i ei innlevering på skulen, blir det som oftast rekna som fusk.
- Direkte sitat
- Direkte sitat er å gi att noko akkurat slik det er sagt eller skrive.
- Indirekte sitat
- Indirekte sitat er å gi att noko andre har sagt eller skrive, men ved å bruke dine eigne ord. Vi seier at vi refererer innhaldet.
- Kjelde
- Ei kjelde er ein stad du hentar informasjon frå. Det kan til dømes vere ein skriftleg tekst eller eit bilete.
- Kjeldeliste
- Ei kjeldeliste er ei oversikt over alle kjelder som er brukte i ein tekst. Denne blir sett opp på slutten av teksten.
Kva er plagiat?
Kopierer du tekst andre har skrive og legg det inn i din eigen tekst, må du vise til teksten du har kopiert frå. Vi kallar det å vise til kjelda. Du kan lese korleis du skal gjere det i artikkelen "Korleis sitere og vise til kjelder?"
Viss du ikkje viser til kjelder, kan det verke som om det er du sjølv som har skrive teksten du har kopiert og limt inn. Då blir det rekna som plagiat. Dette kan vere å kopiere nokre setningar, eit avsnitt eller heile teksten.
Plagiat på skulen er fusk
I skulearbeid skal du vise at du kan skrive med eigne ord. Ofte skal du også vise at du kan noko om eit emne, at du kan tenke og reflektere sjølv. Viss du leverer ein tekst der heile teksten er skriven av andre, eller delar av han, altså plagiat, blir det gjerne rekna som fusk.
Er du i tvil om kva som er plagiat?
Sjå denne videoen der du møter ein elev og ein litt plagsam fantasifigur, Plage-Tor. Han blir kalla Plage-Tor fordi han dukkar opp heile tida og plagar eleven med kritiske spørsmål om korleis ho bruker kjelder. Han seier at ho plagierer og gir gode råd om korleis ho kan unngå det:
Kva skjer om du fuskar på skulen?
Skulen din har reglar som seier noko om kva konsekvensane av fusk er. Finn ut kva reglane på skulen din seier om dette.
Unngå å forandre betydninga
Pass på at du ikkje held på med sitatfusk. Du har no lært at du kan sitere ordrett, altså å skrive av akkurat det som er sagt eller skrive av andre. Du kan også bruke indirekte sitat der du seier det same som nokon andre har sagt, men du bruker litt andre ord. I begge tilfella må du oppgi kjelda.
Døme: Viss far din seier: "Rydd rommet ditt", og du skal fortelje det til andre, vil du antakeleg ikkje gjenta det akkurat slik, men heller sagt: "Pappa seier at eg må rydde rommet mitt". Då har du brukt eit indirekte sitat.
Sjølv om du ikkje skriv av ord for ord, skal du passe på at du ikkje endrar på betydninga av det som er sagt. Orda du bruker i eit indirekte sitat, kan vise kva haldning du har til det du refererer. Sjå på desse døma:
Døme 1
Direkte sitat: "Eg er sint på Kim".
Kjelde: Maria, 17 år
Indirekte sitat: Maria sa at ho hadde lyst til å slå Kim.
Døme 2
Direkte sitat: "Du skal ikkje tru at du er noko".
Kjelde: Aksel Sandemose, En flyktning krysser sitt spor (1933)
Indirekte sitat: Sandemose skreiv at du ikkje skal skryte.
Diskuter:
Sjå på døme 1 og 2 over.
Kva har skjedd med sitatet (A) når det blir til eit indirekte sitat (B)?Kvifor kan vi seie at det er sitatfusk?
Relatert innhald
Lær korleis du siterer, refererer og viser til kjelder i tekstar du lagar.