Øv på å bruke kjelder
Før du jobbar med oppgåva, er det lurt å lese fagartiklane "Korleis sitere og vise til kjelder?" og "Unngå fusk og dårleg kjeldebruk".
Oppgåve 1
Skriv ein kort tekst om fotballspelaren Erling Braut Haaland. Du skal ha med eit sitat og vise til kjelder i teksten din.

Del 1: Finn informasjon i kjelder
Desse kjeldene er gode og pålitelege kjelder du kan bruke for å finne informasjon om Erling Braut Haaland:
Les gjennom kjeldene og skriv ned stikkord om Haaland som du vil bruke i teksten din.
Del 2: Finn eit sitat
Sitatet bør vise oss noko om Erling Braut Haaland. Sitatet kan vere
noko han er kjend for å ha sagt
noko andre har sagt om han
Hugs å skrive ned kven som har sagt det, og kvar de har funne sitatet (kjelda).
Du kan finne mange sitat i artikkelen "Han er utenomjordisk" på TV2 Sport.
Del 3: Skriv ein tekst om personen
No skal du skrive ein kort tekst om Erling Braut Haaland der du både viser til kjelder og bruker eit sitat. Du kan bruke setningsstartarane under her som hjelp:
(Fornamn, etternamn, alder) er kjend for ..
(Etternamn) studerte.... No er han/ho tilsett i... der han/ho jobbar som...
Han/ho er aktuell i dag fordi ...
Sjølv seier han/ho følgande om saka: (sitat)
Andre beskriv (etternamn) slik: (sitat)
(Namnet) er altså ...
Sjå òg modellteksten vår der vi viser korleis du kan legge inn sitat og kjelder.
Modellteksten som bilete
Oppgåve 2
Skriv ein kort tekst om ein person som er aktuell i media. Du skal ha med eit sitat og vise til kjelder i teksten din.
Jobb saman i par på del 1 og del 2:
Del 1: Finn informasjon i kjelder
Start med å velje ein person de vil finne ut meir om. Gå inn på nrk.no og sjå kva for saker det står om der. Vel dykk ein person de ikkje veit noko om frå før.
Søk så på namnet til personen. Eit søk på internett vil gi dykk mange kjelder som seier noko om personen. Vel dykk fire av desse kjeldene og leit etter nyttig informasjon:
namn og alder
utdanning og yrke
kva personen er kjend for
kvifor det står om denne personen i media no
Skriv inn kva for kjelder de fann informasjonen i.
Del 2: Finn eit sitat
Finn eit sitat av eller om personen de har valt. Det bør vise oss noko om personen de skal skrive tekst om. Sitatet kan vere
noko personen er kjend for å ha sagt
noko personen har sagt i den aktuelle saka
noko andre har sagt om denne personen
Hugs å skrive ned kven som har sagt det, og der de har funne sitatet (kjelda).
Del 3: Skriv ein tekst om personen
No skal du skrive ein kort tekst om personen der du både viser til kjelder og bruker eit sitat. Du kan bruke setningsstartarane under her som hjelp:
(Fornamn, etternamn, alder) er kjend for ...
(Etternamn) studerte.... No er han/ho tilsett i... der han/ho jobbar som...
Han/ho er aktuell i dag fordi ...
Sjølv seier han/ho følgande om saka: (sitat)
Andre beskriv (etternamn) slik: (sitat)
(Namnet) er altså ...
Sjå òg på modellteksten vår der vi viser korleis du kan legge inn sitat og kjelder.
Del 4: Del tekst med medelev
Sjå på kvarandre sine tekstar og diskuter:
Har de med alle kjeldene de har brukt?
Er det lett å finne igjen informasjonen ved hjelp av kjeldelista?
Har teksten ein tittel og ei(n) tydeleg innleiing, hovuddel og avslutning?
Diskuter: Kva kan de gjere for å få teksten endå betre?



