Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Skriv om arbeidsmiljø

I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive om arbeidsmiljø gjennom å lese ein tekst om temaet, lage setningar og skrive ein lengre tekst – i tillegg til å ha dialog med ein praterobot.

Artikkel om arbeidsmiljø

I oppgåvene under skal de jobbe med artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø" på ulike måtar. Artikkelen ligg på nettsidene til Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet har som oppgåve å passe på at alle har det trygt og godt på arbeidsplassen sin.

I artikkelen kan det vere fleire ord som er nye for dykk. Les derfor gjennom ordlista med forklaringar før de les sjølve artikkelen:

Ordforklaringar til artikkelen

Bidra
Å bidra vil seie å hjelpe til eller gjere noko for å hjelpe andre.
Arbeidstakar
Ein arbeidstakar er ein person i jobb.
Samspel
Samspel betyr her at fleire jobbar, samarbeider eller gjer noko saman.
Produktivitet
Med produktitvitet meiner ein her kor mykje du får gjort på jobben.
Trivsel
Trivsel er å ha det bra og kjenne seg glad.
Motivasjon
Å ha motivasjon beskriv det som gjer at du får lyst til å gjere noko.
Verktøy
Verktøy betyr her tips og gode måtar å gjere noko på.
Arbeidsmiljøportalen
Arbeidsmiljøportalen er ein nettstad som handlar om korleis ein arbeidsplass kan jobbe med arbeidsmiljøet.
Verksemd
Ei verksemd er ein arbeidsplass eller ei bedrift.
Bidrag
Eit bidrag er noko du gjer for å hjelpe eller forbetre noko.
Påverknadskraft
Påverknadskraft er mogelegheita til å forandre eller bestemme noko.
Initiativ
Du tek eit initiativ når du begynner med noko av deg sjølv utan å bli spurt.
Forbetring
Ei forbetring er å gjere noko betre enn det var før.
Dialog
Ein dialog er ein samtale mellom to eller fleire personar.
Takhøgde
Her: idiom. Takhøgde betyr her at det er lov å seie kva du meiner.
Buffer
Buffer betyr her noko ekstra som hjelper, støttar.
Overbelastning
Overbelastning er når det blir for mykje å gjere, og du blir sliten.
Tilbakemeldingskultur
Med tilbakemeldingskultur siktar ein her til at ein arbeidsplass er slik at det er greitt å gi tilbakemeldingar på kva som er bra, og kva som kan bli betre.
Konstruktive
Når noko er konstruktivt, er det noko som hjelper og er nyttig.
Anerkjenning
Å få anerkjenning betyr at du får positiv tilbakemelding eller blir sett for noko bra du har gjort.
Køyrereglar
Køyrereglar betyr her reglar på arbeidsplassen som alle følger.
Rutinar
Rutinar er noko du gjer på same måten kvar dag, du følger ein fast plan.
Utfrysing
Her betyr utfrysing at nokon blir haldne utanfor ei gruppe på jobben.
Verneombod
Eit verneombod er ein person som har ansvar for at alle har det trygt og bra på jobben, og at reglar for godt arbeidsmiljø blir følgde.
Inkluderande
Noko er inkluderande når alle får vere med.

Oppgåve 1. Skriv setningar om arbeidsmiljø

Del 1: Les gjennom orda saman

Byt på å lese høgt ord og ordforklaringar til artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø" for kvarandre. Forstår de forklaringane? Hjelp kvarandre, og spør læraren om de er usikre.

Del 2: Skriv setningar

Jobb åleine. Skriv ei setning til kvart av orda under der du bruker ordet på rett måte.

Døme

Dialog: Eg hadde ein god dialog med den eine kollegaen min.

  1. trivsel

  2. motivasjon

  3. initiativ

  4. overbelastning

  5. konstruktiv

  6. verneombod

  7. inkluderande

Del 3: Vurder setningane

Jobb saman to og to. Les setningane de har skrive i del 2 for kvarandre. Vurder om orda er brukte på rett måte i setningane. Spør læraren viss de er usikre.

Oppgåve 2. Skriv ein tekst om arbeidsmiljø

  1. Før du les artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø", kan du svare på dette spørsmålet: Kva meiner du er viktig for å ha det godt på arbeidsplassen? Skriv ned tre .

  2. Les artikkelen. Fann du igjen stikkorda dine i det som står der? Lærte du noko nytt? Skriv ned tre stikkord om det du synest var det viktigaste i artikkelen.

  3. Skriv ein tekst på cirka 400 ord der du over kvifor det er viktig med eit godt arbeidsmiljø. Vis til døme frå artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø". Lag ei passande overskrift.

Setningsstartarar

Desse kan hjelpe deg med å starte setningane dine:

  • Det er fleire grunnar til at det er viktig med eit godt arbeidsmiljø. Ein grunn er at ...

  • Ein annan grunn er at ...

  • Den kanskje viktigaste grunnen til at det er viktig med eit godt arbeidsmiljø, er ...

  • Artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø" frå Arbeidstilsynet kjem med mange tips om korleis du kan bidra til eit godt arbeidsmiljø. Eg synest tipset om ...

  • For å få til eit godt arbeidsmiljø må ...


Oppgåve 3. Skriv saman med prateroboten om arbeidsmiljø

Del 1: Skriv saman med prateroboten

  1. Logg inn på NDLAs praterobot.

  2. Vel "Elevhjelp". Lim inn følgande tekst: Ta rolla som verneombod på ein arbeidsplass. Den du svarer, er ein tilsett på arbeidsplassen. Du skal svare med maks tre setningar, bruke norske ord og enkle setningar.

  3. Start ein dialog der du er den tilsette, og prateroboten er i rolle som verneombod. Skriv om ei eller ein situasjon som du må ha hjelp til å løyse av verneombodet.

    • PS! Viss du synest roboten bruker vanskelege ord, kan du be han om å skrive enklare og forklare med døme.

Del 2: Snakk saman om dialogen

Snakk saman i klassen om det som skjedde i dialogen med Elevhjelpen i del 1.

  • Gav prateroboten gode råd og rettleiing i rolla som verneombod?

  • Var det noko de reagerte på at prateroboten skreiv som var feil, eller ikkje var gode råd?

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 04.08.2025