Øv på setningsadverbial i spørjesetningar - Norsk kort butid (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øv på setningsadverbial i spørjesetningar

I denne oppgåva skal du øve deg på å setje setningsadverbialet på rett plass i spørjesetningar på norsk.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Oppgåve 1. Kva setning er rett?

Gjer gjerne denne oppgåva i par. Les setningane nøye, og diskuter kva for ein av dei som er rett.

Hugs at setningsadverbialet (SA) skal stå etter subjektet (S) i vanlege spørsmål:

  • Skal du (S) ikkje (SA) reise?

  • Kvifor skal du (S) ikkje (SA) reise?

Oppgåve 2. Lag spørjesetningar

No skal du lage eigne spørjesetningar. Øvst står orda du skal bruke. Set dei i rett rekkefølge. Det første ordet i setninga står allereie på plass.

NB: Ingen av spørsmåla har trykk på subjektet. Du skal altså setje setningsadverbialet etter subjektet.

Oppgåve 3. Kva er spørsmålet?

Sit i par. På framsida av kvart kort ser de eit svar. Oppgåva dykkar er å lage spørsmålet som høyrer til. Når de trur de har klart å lage rett spørsmål, snur de kortet og finn spørsmålet.

NB: Alle spørsmåla skal ha eit setningsadverbial. Setningsadverbialet de skal bruke, står i parentes rett etter setninga.

Oppgåve 4. Samanlikn med førstespråket ditt

Set om desse tre setningane til førstespråket ditt. Lag så ei forklaring der du samanliknar korleis norsk og førstespråket ditt lagar spørjesetningar med setningsadverbial.

  • Har du ikkje vore heime?

  • Kvifor er du aldri på skulen?

  • Er du alltid så glad?

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om setningsadverbial i leddsetningar.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2023