Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv på å bruke kjelder

I desse oppgåvene skal du øve på å bruke informasjon frå ulike tekstar, markere sitat og vise til kjelder i eigne tekstar.

Før du jobbar med oppgåva, er det lurt å lese fagartiklane "Korleis sitere og vise til kjelder?" og "Unngå fusk og dårleg kjeldebruk".

Oppgåve 1

Skriv ein kort tekst om fotballspelaren Erling Braut Haaland. Du skal ha med eit sitat og vise til kjelder i teksten din.

Del 1: Finn informasjon i kjelder

Desse kjeldene er gode og e kjelder du kan bruke for å finne informasjon om Erling Braut Haaland:

Les gjennom kjeldene og skriv ned stikkord om Haaland som du vil bruke i teksten din.

Del 2: Finn eit sitat

bør vise oss noko om Erling Braut Haaland. Sitatet kan vere

  • noko han er kjend for å ha sagt

  • noko andre har sagt om han

Hugs å skrive ned kven som har sagt det, og kvar de har funne sitatet (kjelda).

Du kan finne mange sitat i artikkelen "Han er utenomjordisk" på TV2 Sport.

Del 3: Skriv ein tekst om personen

No skal du skrive ein kort tekst om Erling Braut Haaland der du både viser til kjelder og bruker eit sitat. Du kan bruke setningsstartarane under her som hjelp:

  • (Fornamn, etternamn, alder) er kjend for ..

  • (Etternamn) studerte.... No er han/ho tilsett i... der han/ho jobbar som...

  • Han/ho er aktuell i dag fordi ...

  • Sjølv seier han/ho følgande om saka: (sitat)

  • Andre beskriv (etternamn) slik: (sitat)

  • (Namnet) er altså ...

Sjå òg modellteksten vår der vi viser korleis du kan legge inn sitat og kjelder.

Modellteksten som bilete

Oppgåve 2

Skriv ein kort tekst om ein person som er aktuell i media. Du skal ha med eit sitat og vise til kjelder i teksten din.

Du kan skrive om ein skodespelar som er med i ein ny film eller TV-serie.

Kong Harald av Noreg er stadig i media. Kanskje du kan skrive om han?

Kva skjer i sporten? Er det ein idrettsutøvar som er aktuell no?

Kjenner du til ein musikar som har komme med ein ny song?

Jobb saman i par på del 1 og del 2:

Del 1: Finn informasjon i kjelder

  1. Start med å velje ein person de vil finne ut meir om. Gå inn på nrk.no og sjå kva for saker det står om der. Vel dykk ein person de ikkje veit noko om frå før.

  2. Søk så på namnet til personen. Eit søk på internett vil gi dykk mange kjelder som seier noko om personen. Vel dykk fire av desse kjeldene og leit etter nyttig informasjon:

    • namn og alder

    • utdanning og yrke

    • kva personen er kjend for

    • kvifor det står om denne personen i media no

  3. Skriv inn kva for kjelder de fann informasjonen i.

Tips til gode kjelder

Nettleksikon som Store norske leksikon og Wikipedia har som oftast og korrekt informasjon. Dei er kjelder som bygger på informasjon som er .

Dei største avisene i Noreg og tv-kanalane har òg gjerne oppdatert og korrekt informasjon om personar og aktuelle saker. Det er likevel ikkje alltid avisene er like nøytrale, så hugs å sjekke det du les med fleire kjelder.

Andre er òg gode kjelder. Det kan til dømes vere nettsidene til staden personen jobbar for.

Les meir om dette i fagartikkelen "Vurder kjelder".

Del 2: Finn eit sitat

Finn eit sitat av eller om personen de har valt. Det bør vise oss noko om personen de skal skrive tekst om. Sitatet kan vere

  • noko personen er kjend for å ha sagt

  • noko personen har sagt i den aktuelle saka

  • noko andre har sagt om denne personen

Hugs å skrive ned kven som har sagt det, og der de har funne sitatet (kjelda).

Del 3: Skriv ein tekst om personen

No skal du skrive ein kort tekst om personen der du både viser til kjelder og bruker eit sitat. Du kan bruke setningsstartarane under her som hjelp:

  • (Fornamn, etternamn, alder) er kjend for ...

  • (Etternamn) studerte.... No er han/ho tilsett i... der han/ho jobbar som...

  • Han/ho er aktuell i dag fordi ...

  • Sjølv seier han/ho følgande om saka: (sitat)

  • Andre beskriv (etternamn) slik: (sitat)

  • (Namnet) er altså ...

Sjå òg på modellteksten vår der vi viser korleis du kan legge inn sitat og kjelder.

Del 4: Del tekst med medelev

Sjå på kvarandre sine tekstar og diskuter:

  1. Har de med alle kjeldene de har brukt?

  2. Er det lett å finne igjen informasjonen ved hjelp av kjeldelista?

  3. Har teksten ein tittel og ei(n) tydeleg innleiing, hovuddel og avslutning?

  4. Diskuter: Kva kan de gjere for å få teksten endå betre?

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 14.10.2024