Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv deg på vanlege verb frå jobben

I denne oppgåva skal du øve på vanlege verb frå praksis og jobb gjennom å snakke, lese og skrive, og ved å bruke kunstig intelligens.

Verb i jobb og praksis

Kva verb som blir mykje brukte, varierer frå yrke til yrke. Det er viktig at du lærer deg rett bøying av dei verba som ofte blir brukte i den jobben du skal ut i. Her er det døme på verb som butikktilsette bruker mykje. Sjå på døma og svar på oppgåvene under.

  • selje – å selje varer til kundar

  • hjelpe – å hjelpe kundar med å finne varer eller svare på spørsmål

  • pakke – å pakke varer i posar eller esker

  • betene – å kassa der kundane betaler for varene

  • sortere – å varer i hyller eller på lager

  • fylle – å fylle på med varer i hyllene

  • sjekke – å sjekke om varer er på lager eller om prisen er rett

  • telle – å telje varer i

  • rydde – å rydde i butikken eller på lageret

  • bestille – å bestille nye varer frå

  • ta imot – å ta imot leveransar frå

  • informere – å informere kundar om produkt eller tilbod

  • reklamere – å hjelpe til med eller byting av varer

  • stenge – å stenge kassa eller butikken ved dagens slutt

  • opne – å opne butikken og gjere han klar for kundar

Del 1: Snakk saman om vanlege verb i yrket

Jobb saman to og to.

  1. Snakk saman om vanlege verb i det yrket de utdannar dykk til.

  2. Skriv ned alle verba de kjem på. Skriv òg ned forklaringar.

  3. Snakk saman om kva situasjonar de bruker verba i.

Del 2: Lag liste og setningar med vanlege verb

Gå saman med ei anna toar-gruppe.

  1. Samanlikn verba de har funne i del 1. Bli einige om ei liste over fem til ti verb og forklaringar som er mykje brukte i det yrket de utdannar dykk til.

  2. Slå opp i ei ordbok og skriv ned rett bøying av dei verba de har funne. Bruk Lexin eller ordbøkene.no.

  3. Lag setningar til kvart av verba i alle verbtidene slik som i dømet under:

    • infinitiv: Eg liker å hjelpe kundar.

    • presens: No hjelper eg ein kunde med å finne ei ny bukse.

    • preteritum: I går hjelpte eg ein kunde med å finne ei gåve til kjærasten.

    • presens perfektum: Han har hjelpt meg med å forstå korleis eg skal legge inn gåvekort.

Del 3: Lag eit rollespel

Gå saman to og to.

  1. Lag eit frå ein situasjon på jobb eller i praksis der de bruker verba frå del 2. Det kan til dømes vere ein situasjon der ein tilsett snakkar med ein kunde, eller ein fagleg samtale mellom to kollegaer.

  2. Øv på rollespelet. Hjelp kvarandre med uttale.

  3. Spel rollespelet framfor klassen eller ei gruppe frå klassen.

Del 4: Bruk KI til å lage bilete av verba

Bruk NDLAs biletrobot til å lage bilete av verba i del 1. Sjå på dømet under viss du treng tips til korleis du kan gjere det. Kopier biletet inn i eit dokument saman med verbet.

Til verbet "hjelpe":

Her ser du kva slags bilete biletroboten laga då vi la inn beskrivinga "Ein ung tilsett som hjelper ei eldre dame med å betale i ein butikk." No er det din tur til å lage bilete!

Del 5: Snakk saman med ein medelev

Gå saman to og to. Svar munnleg på oppgåva under.

  1. Vis fram bileta de har laga i del 4. Fortel om bileta og verba de har valt.

  2. Veit de korleis verba blir bøygde på norsk? Øv saman. Bruk døma frå del 2C viss nokre av verba er vanskelege å bøye rett.

  3. Kvifor er det viktig at de som har norsk som andrespråk, lærer dei verba som ofte blir brukte i praksis og på jobb? Grunngi svaret.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 26.03.2025