Øv deg på vanlege verb frå jobben

Verb i jobb og praksis
Kva verb som blir mykje brukte, varierer frå yrke til yrke. Det er viktig at du lærer deg rett bøying av dei verba som ofte blir brukte i den jobben du skal ut i. Her er det døme på verb som butikktilsette bruker mykje. Sjå på døma og svar på oppgåvene under.
selje – å selje varer til kundar
hjelpe – å hjelpe kundar med å finne varer eller svare på spørsmål
pakke – å pakke varer i posar eller esker
betene – å betene kassa der kundane betaler for varene
sortere – å sortere varer i hyller eller på lager
fylle – å fylle på med varer i hyllene
sjekke – å sjekke om varer er på lager eller om prisen er rett
telle – å telje varer i lagerbehaldninga
rydde – å rydde i butikken eller på lageret
bestille – å bestille nye varer frå leverandør
ta imot – å ta imot leveransar frå transportør
informere – å informere kundar om produkt eller tilbod
reklamere – å hjelpe til med reklamasjonar eller byting av varer
stenge – å stenge kassa eller butikken ved dagens slutt
opne – å opne butikken og gjere han klar for kundar
Del 1: Snakk saman om vanlege verb i yrket
Jobb saman to og to.
Snakk saman om vanlege verb i det yrket de utdannar dykk til.
Skriv ned alle verba de kjem på. Skriv òg ned forklaringar.
Snakk saman om kva situasjonar de bruker verba i.
Del 2: Lag liste og setningar med vanlege verb
Gå saman med ei anna toar-gruppe.
Samanlikn verba de har funne i del 1. Bli einige om ei liste over fem til ti verb og forklaringar som er mykje brukte i det yrket de utdannar dykk til.
Slå opp i ei ordbok og skriv ned rett bøying av dei verba de har funne. Bruk Lexin eller ordbøkene.no.
Lag setningar til kvart av verba i alle verbtidene slik som i dømet under:
infinitiv: Eg liker å hjelpe kundar.
presens: No hjelper eg ein kunde med å finne ei ny bukse.
preteritum: I går hjelpte eg ein kunde med å finne ei gåve til kjærasten.
presens perfektum: Han har hjelpt meg med å forstå korleis eg skal legge inn gåvekort.
Del 3: Lag eit rollespel
Gå saman to og to.
Lag eit rollespel frå ein situasjon på jobb eller i praksis der de bruker verba frå del 2. Det kan til dømes vere ein situasjon der ein tilsett snakkar med ein kunde, eller ein fagleg samtale mellom to kollegaer.
Øv på rollespelet. Hjelp kvarandre med uttale.
Spel rollespelet framfor klassen eller ei gruppe frå klassen.
Del 4: Bruk KI til å lage bilete av verba

Bruk NDLAs biletrobot til å lage bilete av verba i del 1. Sjå på dømet under viss du treng tips til korleis du kan gjere det. Kopier biletet inn i eit dokument saman med verbet.
Til verbet "hjelpe":
Del 5: Snakk saman med ein medelev
Gå saman to og to. Svar munnleg på oppgåva under.
Vis fram bileta de har laga i del 4. Fortel om bileta og verba de har valt.
Veit de korleis verba blir bøygde på norsk? Øv saman. Bruk døma frå del 2C viss nokre av verba er vanskelege å bøye rett.
Kvifor er det viktig at de som har norsk som andrespråk, lærer dei verba som ofte blir brukte i praksis og på jobb? Grunngi svaret.
