Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Om verdas kulaste mor

Korleis er det å ha verdas kulaste mamma når det berre er du som veit det? I teksten "De skulle bare ha visst hvor kul moren min er" frå boka Til ungdommen av Linn Skåber møter vi ei ung jente med somaliske foreldre. Kvifor klarer ikkje den kule mora å vise kven ho er når ho snakkar med nordmenn?

Del 1: Førlesing

Sit i grupper.

  1. Under ser de nokre sitat frå teksten de skal lese. Les sitata høgt for kvarandre i gruppa.

    • "De skulle bare ha visst hvor kul moren min egentlig er."

    • "Mamma tør liksom ikke være seg selv når hun møter dem."

    • "Jeg får så . Kan de ikke bare snakke vanlig, da? Så hadde de forstått hvor gøy hun er."

    • "Da er det lettere med hun rasisten i tredje."

  2. Diskuter:

    • Kva trur de teksten kjem til å handle om etter å ha lese sitata?

    • Kven trur de er forteljaren i teksten?

    • Kven trur de "dem" er i setninga "Mamma tør liksom ikke være seg selv når hun møter dem."

    • Veit de kva ein "rasist" er? Forklar for kvarandre med døme.

Del 2: Les teksten

Sit åleine.

Les teksten "De skulle bare ha visst hvor kul moren min er" frå boka Til ungdommen av Linn Skåber.

Del 3: Leseforståing

Sit i par. Svar på desse spørsmåla munnleg saman:

  1. Forklar med eigne ord kvifor forteljaren synest ho har ei kul mor.

  2. Forklar kvifor ho ikkje synest mora klarer å vise kven ho er når ho møter dei norske damene i fellesvaskeriet.

  3. Korleis snakkar dei norske damene til mora? Og kvifor trur de dei snakkar slik med henne?

  4. Kvifor liker ikkje forteljaren at damene snakkar slik til mora?

  5. Kvifor synest forteljaren det er betre med dama som er rasist enn damene på fellesvaskeriet?

  6. Samanfatt: Kva er det forteljaren ønsker at skal skje med mora?

Del 4: Motiv, tema og bodskap

Sit åleine.

  1. Les fagartikkelen "Motiv, tema og bodskap".

  2. Skriv : Kva meiner du er

    • motivet

    • temaet

    • bodskapen

    i teksten "De skulle bare ha visst hvor kul moren min er"?

  3. Gå saman i par og samanlikn svara dykkar.

Del 5: Forteljar og synsvinkel

Sit i par. Les fagartikkelen "Forteljar og synsvinkel".

Diskuter: Kva slags forteljar og synsvinkel er det i teksten "De skulle bare ha visst hvor kul moren min er"? Grunngi svaret.

Del 6: Byt forteljar og synsvinkel

Skriv ein der du legg synsvinkelen til mora. Du skal skrive om den delen av historia som står i utdraget under og sjå han gjennom auga til mora:

Men det vet ikke de damene som henger opp listene i . Ikke så rart egentlig heller, at de ikke vet det. Mamma tør liksom ikke være seg selv når hun møter dem. Det er akkurat som om hun er redd for ikke å være ordentlig nok, eller noe sånt. De snakker til hverandre når de møter hverandre i trappa, som om de er redde for at noen ikke skal forstå noen.

«Du-må-alltid-huske-å --i-vaskemaskinen.»
«Ja,-jeg-gjør-det-altså. Jeg-tror-ikke-jeg-har-glemt-det.»
«Ja,-for-du-vet-at-du-skal-det?»
«Ja,-jeg-leste-det-på-reglene-på-vegg,-og-jeg-pleier-å-gjøre-det-altså.»

På vegg? Mamma snakker som om hun har vært her i to år eller noe. Dama sier:

«Vi-får-si-ifra-til-de-andre.»
«Ja,-vi-gjøre-det.»



Skåber, L. (2018). Til ungdommen. s.94-95

Korleis skal du gjere det?

  1. Les modellteksten under som viser korleis du kan setje opp teksten din.

  2. Fortel skriftleg korleis mora går ned til fellesvaskeriet og møter damene som henger opp listene.

  3. Forklar kva ho tenker når ho snakkar med damene.

Modelltekst

Eg gjekk ned vegen mot stranda. Endeleg! Eg hadde lengta etter å bade i fleire månader no.

Men, kven var det? Var det Maksim og den nye kjærasten hans? Maksim som sa at eg var den einaste han hadde elska i fjor? Og som plutseleg meinte at eg ikkje var god nok for han?

".... åh, hei Maria...", sa han utan glede i stemma.

"Idiot", tenkte eg.

Eg såg uinteressert på han og smilte falskt: "Hei! – lenge sidan."

Kjelde

Skåber, L. (2018). Til ungdommen. Pitch Forlag AS.

Relatert innhald

Til ungdommen (utdrag)

Les eit utdrag frå boka Til ungdommen av Linn Skåber. Det handlar om korleis ei ung somalisk jente ser på mora si. Med ordforklaringar.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 13.05.2025