Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Om faget

Les om kva vi har lagt vekt på når vi har laga læringsressursar til faget norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.

Alle kompetansemåla

Fagressursane på NDLA dekker alle kompetansemåla i læreplanen i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge – videregående opplæring (NOR09‑05) i SF vg1 og YF vg2.

Eleven som ressurs

Det å bygge på språkkompetansen til elevane er eit viktig prinsipp i andrespråksopplæringa. Ved å samanlikne førstespråket sitt med norsk kan elevar betre forstå norsk grammatikk. Derfor vil mange av språkressursane våre be elevane om å sjå på likskapar og forskjellar mellom språka.

Også i andre ressursar legg vi til rette for at elevane kan bygge på forkunnskapar. Gjennom skriveoppgåver og samtalar skal dei gå inn i ulike tekstar med eigne erfaringar og referanserammer. Dei skal trene seg i å reflektere rundt tekstar og forstå det samfunnet dei er ein del av.

Sist, men ikkje minst, har vi laga ressursar som utfordrar elevane til å tenke kritisk og gi uttrykk for eigne tankar og synspunkt slik at dei kan bli aktive samfunnsdeltakarar. Då er det også viktig å gi elevane både skriftleg og munnleg språkkompetanse i norsk.

Grammatikkurs

I faget finn du varierte grammatikkressursar for elevar på ulikt språkleg ferdigheitsnivå. Ressursane tar for seg alt frå korleis heilsetningar blir skrivne, til forskjellen mellom syntetiske og analytiske språk.

Grammatikken blir forklart med døme, illustrasjonar og korte videoar, og elevane skal løyse interaktive oppgåver og undersøke, snakke om og presentere ulike språklege tema.

Tilpassa tekstar

Mange kompetansemål i læreplanen overlappar med ordinær plan. Likevel vil alle ressursane i faget norsk kort butid vere tilpassa målgruppa i språk og form.

Alle fagartiklane startar med ei forklaring av sentrale omgrep. I tillegg vil det undervegs i teksten ligge forklaringar på ord og omgrep som kan vere vanskelege å forstå.

Digital kompetanse

Elevgruppa kan ha varierande erfaring med å bruke digitale verktøy og ressursar. Vi har derfor laga ulike rettleiingar, til dømes om korleis elevane kan halde orden i dokument, bruke tekstbehandlingsverktøy og utnytte andre digitale ressursar som kan hjelpe dei i læringsarbeidet.

Yrkesretting på YF vg2

Det er ganske generelle kompetansemål for yrkesretting i læreplanen fordi planen gjeld for veldig mange ulike programfag. Elevane skal lære seg å lese og forstå faglitteratur, og dei skal kunne kommunisere om fag og i arbeidssituasjonar. Dei skal få relevant norskfagleg kompetanse for yrket dei utdannar seg til.

I ressursane bruker vi derfor døme frå ulike yrke og yrkesområde, men ikkje frå alle. For elevar på yrkesfaglege program må relevans skapast i klasserommet, saman med lærarar og medelevar. Vi har laga filmar, artiklar og oppgåver som gir elevane skrivestøtte og modelltekstar i yrkesrelevante sjangrar som loggar og rapportar.

Støtte til lærarar

Undervisninga for elevar med kort butid i Noreg er veldig ulikt organisert på skulane. Nokre lærarar har eigne grupper der alle følger denne læreplanen, men ganske mange underviser elevar med kort butid saman med elevar som skal følge ordinær plan. Vi har derfor laga eit forslag til årsplan som foreslår parallelle ressursar i dei to læreplanane.

I tillegg kan du finne tips og råd om korleis lærarar kan bruke ulike digitale verktøy og ressursar i undervisninga, saman med meir generelle artiklar om andrespråksdidaktikk.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 09.09.2025