Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Munnleg eksamen

Elevane med kort butid i Noreg kan bli trekte ut til eksamen i norsk munnleg tilpassa læreplanen for kort butid. Les om kva du som lærar kan gjere for å førebu elevane dine på munnleg eksamen.

Munnleg eksamen for elevar med kort butid i Noreg

Elevar med kort butid i Noreg kan bli trekte ut til munnleg eksamen på lik linje med elevar som følger ordinær læreplan i norsk. Forskjellen er at elevar med kort butid skal ha ein munnleg eksamen tilpassa læreplanen i norsk kort butid.

Munnlege eksamensoppgåver blir laga lokalt, så innhaldet kan variere ein del. Rammene er likevel like. Utdanningsdirektoratet har nokre reglar for korleis munnleg eksamen skal gjennomførast. På Utdanningsdirektoratet sine nettsider om munnleg eksamen kan du som lærar lese meir om desse reglane.

Sensor skal leite etter kompetanse

På same måten som på skriftleg eksamen skal det på munnleg eksamen bli teken omsyn til at elevane med kort butid framleis er i ein mellomspråksfase. Oppgåvene skal vere tilpassa elevgruppa, og forventningane til det munnlege og faglege nivået skal vere tilpassa butida til elevane både frå faglærar og medsensor.

Det betyr mellom anna at det er viktig at oppgåvene er formulerte på ein forståeleg måte ut frå føresetnadene til elevane når dei har kort butid i landet. Oppfølgingsspørsmål og beskjedar under sjølve eksamen skal òg bli gitt på ein måte som sikrar god kommunikasjon mellom eleven og sensor. På Utdanningsdirektoratet sine nettsider om munnleg eksamen blir det òg presisert at "sensorene skal lete etter den kompetansen elevene har, og ikke lete etter det eleven ikke kan" (Utdanningsdirektoratet, 2024). Dette blir ekstra viktig når eleven kan ha eit avgrensa ordforråd som gjer det vanskelegare å vise annan fagleg kompetanse.

Variasjonar i språkleg nivå

Det språklege nivået hos elevar med kort butid varierer frå elev til elev. Som faglærar er det viktig at du kjenner godt nok til kvar enkelt elev. På den måten kan du kommunisere på ein måte som gjer det mogleg for eleven å få fram mest mogleg kunnskap på sjølve eksamensdagen.

Det at eleven klarer å kommunisere munnleg, er sjølvsagt essensielt på munnleg eksamen. Her går òg skiljelinja mellom bestått og ikkje bestått på munnleg eksamen i norsk kort butid. Det er ein føresetnad at sensor og faglærar forstår det eleven prøver å formidle gjennom det hen seier på norsk.

Korleis førebu elevane?

Mange elevar med kort butid manglar erfaring med det norske eksamenssystemet frå ungdomsskulen. I tillegg er mange ekstra usikre på det å snakke høgt i klassen eller framfor andre. Dette kan føre til at nokre elevar i denne elevgruppa er ekstra usikre framfor ein munnleg eksamen. Det er viktig at elevane med kort butid blir motiverte til å delta munnleg i timane gjennom skuleåret, i tillegg til at dei treng ekstra øving på sjølve eksamensforma. Tryggleik er eit viktig stikkord her.

Tenk over

Korleis kan du og kollegaene dine sikre at elevane med kort butid blir trygge på å delta i munnleg aktivitet i klasserommet?

Kva skal eleven kunne?

Utdanningsdirektoratet skriv på sidene sine om munnleg eksamen at "målet med gjennomføring av eksamen er at eleven skal få anledning til å vise kompetanse i så stor del av faget som mulig ut fra hva som er mulig innenfor eksamensformen" (Utdanningsdirektoratet, 2024). Læreplanen i norsk for kort butid skal ligge til grunn når du som lærar formar ut oppgåver, og denne rommar mykje. Han inneheld mellom anna yrkesrelevante sjangrar, fornorskingspolitikk og samtale om innhald, tema og språklege verkemiddel i eigna nyare norsk og omsett skjønnlitteratur.

Det er viktig at elevane er godt kjende med læreplanen, og at dei har fått anledning til å tileigne seg kunnskap knytt til alle læreplanmåla så langt det let seg gjere ut frå elevane sitt faglege nivå.

Førebuingar til munnleg eksamen

Elevar med kort butid kan ha vanskar med norsk uttale. For elevar der uttalevanskane er så store at uttalen knapt kommuniserer, er det viktig at det blir lagt inn ein ekstra innsats når det gjeld å øve munnlege ferdigheiter. Eleven bør òg få støtte i å lære seg betydninga av og uttale av viktige fagomgrep.

På munnleg eksamen er det i tillegg viktig at eleven har forstått kva eksamensoppgåva faktisk spør etter. Mange oppgåver inneheld fleire delar, og då er det viktig at eleven prøver å svare på alle delane av oppgåvene og disponerer tida på ein fornuftig måte. Det å øve seg på sjølve eksamenssituasjonen kan gjere det enklare for eleven å forstå og bli trygg på den munnlege eksamensforma.

Dette er spørsmål som det bør jobbast med i klasserommet i god tid før munnleg eksamen:

  • Korleis blir munnleg eksamen organisert?

  • Kva kan du bli spurd om på munnleg eksamen?

  • Korleis blir du vurdert på munnleg eksamen?

  • Kva for fagomgrep bør du kunne til munnleg eksamen?

  • Korleis kommuniserer du best mogleg på munnleg eksamen ut frå føresetnadene dine?

  • Korleis bruke eventuell førebuingstid fornuftig?

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2024). Regler for muntlig eksamen og muntlig-praktisk eksamen. Henta 4. april 2025 frå https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/muntlig-eksamen/#a189131

Relatert innhald

Skriftleg eksamen

Les om korleis du kan førebu elevane dine i norsk kort butid til skriftleg eksamen.

Skrive av Marthe Johanne Moe og Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 06.08.2024