Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Like eller ulike?

Vi legg gjerne merke til det som gjer at vi skil oss frå andre, ikkje det som gjer oss like. I desse oppgåvene skal du trene på å diskutere kulturmøte og identitet.

Oppgåve 1

Del 1: Beskriv og diskuter biletet

Sit saman i par og sjå på biletet over. Snakk om dette:

  1. Beskriv det de ser på biletet.

  2. Kor mange likskapar finn de hos dei to?

  3. Kva er ulikt?

  4. Kva seier utsjånaden om kven dei to kvinnen er, meiner de?

  5. Har nokon av dykk opplevd at andre har ei meining om dykk på grunn av utsjånaden? Forklar og bruk døme.

  6. Diskuter : Utsjånaden din seier mykje om kven du er.

Del 2: Utforsk tre omgrep

Vi er ganske raske med å bestemme oss for kven folk er berre ved å sjå på korleis dei ser ut. Det gjorde kanskje de òg då de skulle beskrive kvinnene over? Eit uttrykk som beskriv dette er "å putte folk i bås". Vi tenker at alle som ser like ut, er like på alle måtar. Fagomgrepa for å dømme noko eller nokre utan å ha kunnskap er fordommar og stereotypiar.

  1. Slå opp omgrepa fordom og stereotypi i ordboka Lexin og undersøk korleis dei er forklarte på nokre av språka du kan.

  2. Slå opp omgrepet identitet i ordboka Lexin og undersøk korleis det er forklart på nokre av språka du kan.

  3. I par: Korleis kan de bruke omgrepa til å beskrive det de snakka om i del 1?

Del 3: Bruk fagomgrepa i ein kort tekst

Ta utgangspunkt i det de har diskutert i del 1 og del 2. Skriv ein tekst der du bruker dei tre fagomgrepa identitet, fordommar og stereotypiar. Teksten skal vere mellom 100 og 200 ord.

Du kan gjerne bruke desse setningsstartarane:

  • Vi er alle ...

  • Identitet seier noko om ...

  • Det er vanleg å ha fordommar om andre, til dømes ...

  • Identiteten min er påverka av ...

  • Det er ein stereotypi å tru at alle ...

  • Eg har sjølv opplevd at ...

  • Viss vi skal unngå fordommar og stereotypiar, så må ...

Oppgåve 2

Del 1: Kva er ein kultur?

  1. Slå opp omgrepet kultur i ordboka Lexin og undersøk korleis det er forklart på nokre av språka du kan.

  2. Logg deg inn på Min NDLA og spør prateroboten Elevhjelpen om ei forklaring på omgrepet kultur, til dømes: Eg held på med å lære norsk, så kan du forklare omgrepet kultur på ein enkel måte?

  3. Samanlikn svara i A og B. Er omgrepet kultur forklart likt begge stader? Samanlikn og diskuter med ein annan elev.

  4. Skriv no ned korleis du forstår omgrepet kultur.

Del 2: Kulturmøte i bilete

Snakk saman i par:

  1. Beskriv kva de ser på bileta under.

  2. Kvart av bileta viser at to kulturar møtest. Kva for kulturar er det?

  3. Kva for eit av bileta syntest de var vanskelegast å finne dei to kulturane i? Kvifor, trur de?

Tips!

Sjå på kva menneska har på seg, og kva dei held på med.

Bilete 1

Bilete 2

Bilete 3

Bilete 4

Oppgåve 3

Når folk møtest, møtest òg kulturar. Vi lærer av korleis andre lever. Det skjer ganske ofte at vi plukkar opp noko frå andre sine kulturar, som matrettar, ord, musikk og tradisjonar.

  1. Kva for tenker du på som "typisk norske"?

  2. Kva for kulturuttrykk tenker du på som typiske for landet du kjem frå?

  3. I Noreg finn du mange døme på kulturuttrykk som eigentleg kjem frå heilt andre land. Eit døme er matrettar som taco frå Mexico og pizza frå Italia. Kor mange kjem du på? Kva land kjem matrettene frå?

  4. Diskuter påstanden "Kulturmøter er berre positivt". Bruk døme og svara de kjem med.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 02.12.2024