Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Leddsetningar om årsak nivå 2

Lær meir om korleis du lagar leddsetningar om årsak med både to verbal og setningsadverbial.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:

Leddsetning
Ei leddsetning er ei setning som ikkje kan stå åleine, til dømes fordi vi er sjuke. Vi kjenner igjen leddsetningar ved at dei startar med ein subjunksjon: at, når, fordi, då ...
Subjunksjon
Subjunksjonar er småord som innleier leddsetningar. Døme på subjunksjonar er: fordi, at, om, som, då, når, dersom, viss, før, endå.
Subjekt
Eit subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Muhammed drikk vatn er "Muhammed" subjekt.
Verbal
Eit verbal er setningsleddet som fortel kva som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Muhammed drikk vatn er "drikk" verbalet.
Objekt
Eit objekt i ei setning er den eller det handlinga er retta mot. I setninga Muhammed drikk vatn er "vatn" objektet.
Adverbial
Eit adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stova), eller korleis noko skjer (Ho spring fort).
Setningsadverbial
Eit setningsadverbial er eit setningsledd som er viktig for innhaldet i setninga. Det forandrar betydninga: Ikkje, sjølvsagt og ofte er døme på setningsadverbial.
Hjelpeverb
Eit hjelpeverb er eit verb som står saman med det som er hovudverbet i setninga. I setninga Eg skal gå no er hjelpeverbet "skal", mens hovudverbet er "gå".
Hovudverb
Eit hovudverb er verb som kan danne verbal åleine, i motsetning til hjelpeverb, som står saman med eit hovudverb. Døme: I setninga Eg vil hjelpe er "vil" hjelpeverbet og "hjelpe" hovudverbet.

Enkle leddsetningar

Viss du har lese fagartikkelen "Leddsetningar om årsak nivå 1" og gjort oppgåva "Øv på leddsetningar om årsak, nivå 1", veit du at setningsledda subjekt, verbal, objekt og adverbial har faste plassar i leddsetninga, slik som dette:

  • Eg blir heime fordi eg har mange lekser i dag. (Leddsetninga er fordi eg har mange lekser i dag. "Eg" er subjekt, "har" er verbal, "mange lekser" er objekt, og "i dag" er adverbial.)

No skal du lære deg korleis du lagar leddsetningar om årsak med

  1. to verbal

  2. setningsadverbial

1. Leddsetning med to verbal

Viss leddsetninga har eit skal hjelpeverbet stå framfor :

  • Eg er glad fordi du har laga kake i dag. (Leddsetninga er fordi du har laga kake i dag "Du" er subjekt, "har" er hjelpeverb, "laga" er hovudverb, "kake" er objekt, og "i dag" er adverb.)

  • Han går sidan eg vil ha bilen til jobb. (Leddsetninga er sidan eg vil ha bilen til jobb. "Eg" er subjekt, "vil" er hjelpeverb, "ha" er hovudverb, "bilen" er objekt, og "til jobb" er adverb.)


2. Leddsetning med setningsadverbial

Viss setninga har eit , skal det stå etter subjektet:

  • Eg er glad fordi du ikkje har laga kake i dag. (Leddsetninga er fordi du ikkje har laga kake i dag. "Du" er subjekt, "ikkje" er setningsadverbial, "har" er hjelpeverb, "laga" er hovudverb, "kake" er objekt, og "i dag" er adverbial.)

  • Han går sidan eg alltid vil ha bilen til jobb. (Leddsetninga er sidan eg alltid vil ha bilen til jobb. "Eg" er subjekt, "alltid" er setningsadverbial, "vil" er hjelpeverb, "ha" er hovudverb, "bilen" er objekt, og "til jobb" er adverbial.)

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 09.05.2025