Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lær fleire verb ved å lese Lappjævel

Kor mange ord kan du for "å sjå noko" på førstespråket ditt? Og kor mange kan du på norsk for det same? Sjå, glane, stire, plire... No skal du bli kjend med nye verb for å tenke, sjå og snakke – ved å lese romanen Lappjævel.

Til læraren

Det kan vere ein fordel at elevane har jobba med utdraga frå romanen Lappjævel før dei gjer desse oppgåvene. Då har dei fått forståing for motiv og tema i teksten. Vi anbefaler at klassen jobbar med oppgåva "Språk, identitet og kulturmøte i Lappjævel" før de startar på desse oppgåvene.

Kvifor skal eg lære dette?

Alle språk har verb som liknar, men som har ulike . Eit døme: Du veit sannsynlegvis kva "å sjå" betyr på norsk. Men vi ser jo på så mange ulike måtar. Vi kan sjå forelska på nokon, vi kan sjå stygt på nokon og så vidare. Norsk har, som dei fleste språk, ulike verb som viser slike nyansar.

Når du lærer deg desse verba, får du eit større ordforråd, som igjen kan hjelpe deg med å forklare dine eigne kjensler betre og gjere deg til ein betre lesar.

Del 1: Kva kan de frå før?

I denne oppgåva skal de lære nye for kva de gjer med

  1. hjernen

  2. auga

  3. munnen

Sett dykk saman i par eller grupper.

A. Hjernen

  1. Kva for nokon norske verb kan de om kva de gjer med hjernen? Eit døme er "å tenke". Diskuter og skriv ned.

  2. Veit alle kva dei ulike verba betyr? Forklar for kvarandre. Slå gjerne opp i ei ordbok, som Lexin, viss det framleis er vanskeleg.

B. Auga

  1. Kva for verb kan de om kva de gjer med auga? Eit døme er "å sjå". Diskuter og skriv ned.

  2. Veit alle kva dei ulike verba betyr? Forklar for kvarandre. Slå gjerne opp i ei ordbok viss det framleis er vanskeleg.

C. Munnen

  1. Kva for verb kan de om kva de gjer med munnen? Eit døme er "å ete". Diskuter og skriv ned.

  2. Veit alle kva dei ulike verba betyr? Forklar for kvarandre. Slå gjerne opp i ei ordbok viss det framleis er vanskeleg.

Del 2: Samanfatt

Alle elevane samanfattar. Del gjerne tavla i tre . Skriv hjerne, auge og munn øvst.

Del 3: Les eit utdrag frå Lappjævel

No skal de lese utdrag frå romanen Lappjævel. De vil oppdage at det er veldig mange ulike ord som handlar om det vi menneske gjer med hjernen, auga og munnen.

A. Testrunde

  1. Sit i par og prøv dykk på det aller første avsnittet i utdraget. Her er det tre verb som beskriv kva som skjer med hjernen. Det er òg eitt om det som skjer med munnen og eitt om det som skjer med auga. Klarer de å finne dei?

  2. Står desse verba allereie på tavla? Viss ikkje – skriv dei inn i rett kolonne.

  3. Forstår alle kva verba betyr? Prøv å forklare for kvarandre eller bruke ordboka, slik at de er sikre på at alle forstår verba.

Jeg vil hjem igjen. De snakker ikke her. Alt på skolen er på norsk. Jeg at jeg skulle forstå noe av det, men jeg skjønner ingenting av det mannen sier. Pappa ser usikker ut, han også.

Fasit

hjerne: trudde, forstå og skjønne

auge: ser

munn: snakke

B. Les utdrag 1 ferdig

  1. Les ferdig utdrag 1. Skriv ned alle verba som handlar om hjerne, auge og munn.

  2. Samanfatt ved å skrive på tavla.

  3. Bruk ordboka for å sjekke kva alle verba betyr.

Kva for ord har utdrag 1?

hjerne: veit, lærer, sover, tenker

auge: stirrer

munn: si, sunget, kremter, hvisker, presentere meg, rette, gjentar, svare, forklarer, senker stemmen, sukker, oversetter

Nynorsk:

hjerne: veit, lærer, søv, tenker

auge: stirar

munn: seie, sunge, kremtar, kviskrar, presentere meg, rette, gir att, svare, forklarer, senkar stemma, sukkar, set om

C. Les utdrag 2

Gjer det same med utdrag 2. Du skal berre skrive ned dei orda de enno ikkje har skrive på tavla.

Kva for ord har utdrag 2?

hjerne: syntes, kjennes, koke (det koker i meg), lurer på

auge: oppdaga, ser truende, lyser (av øynene hans), kniper (igjen øynene), glo, sender et rasende blikk, stirrer

munn: svelger, smiler, gliser, ler, flirer, mumler, fortsetter, lukker (munnen), holder (pusten), roper, hyler, skriker, fortelle

Nynorsk:

hjerne: syntest, kjennest, koke (det koker i meg), lurer på

auge: oppdaga, ser truande, lyser (av auga hans), knip (igjen auga), glo, sender eit rasande blikk, stirar

munn: svelger, smiler, gliser, ler, flirer, mumlar, held fram, lukkar (munnen), held (pusten), roper, hyler, skrik, fortelje

Del 4: Mimeleik

No skal de ha ein mimeleik. Det betyr at ein elev skal vise eit av verba som står på tavla, utan å bruke ord. Korleis vil du til dømes vise med ansiktet at du "stirer", eller med munnen at du "gliser"?

Ein av dykk startar. Den første som klarer å kva for eit ord som blir mima, vel eit nytt ord.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.05.2025