Øv på å skrive reflekterande om skjønnlitteratur

Del 1: Les utdraget frå Lappjævel
Opne tekstutdraget frå Lappjævel. Les tekstutdrag 1.
Gå saman i grupper. Svar på desse spørsmåla:
Beskriv Sammol og åtferda hans.
Korleis synest de rektor Rygh verkar? Grunngi svaret.
Korleis synest de faren til Sammol verkar?
Kva vil de seie er dei viktigaste temaa i utdraget?
Del 2: Oppgåva
Romanen Lappjævel av Kathrine Nedrejord handlar om den samiske guten Sammol som må flytte frå familien sin for å gå på norsk skule. Sammol snakkar berre samisk. Utdraget viser korleis det var for samiske barn å flytte heimanfrå for å gå på ein skule der dei ikkje skjønte språket.
Vel ei av oppgåvene under:
Skriv ein tekst der du reflekterer over korleis utdraget frå Lappjævel handlar om kulturmøte.
Skriv ein tekst der du reflekterer over korleis utdraget frå Lappjævel handlar om makt og maktmisbruk.
Skriv ein tekst der du reflekterer over kva du syntest var det viktigaste temaet i utdraget frå romanen Lappjævel.
Litt hjelp?
Dette kan hjelpe deg med å skrive teksten din:
Ein modelltekst
Ha teksten frå fagartikkelen "Kva betyr det å reflektere over skjønnlitteratur?" framfor deg mens du skriv. Der kan du sjå korleis du skal skrive gode setningar.
Setningsstartarar
Desse setningsstartarane kan hjelpe deg med å starte setningane dine:
Utdraget frå romanen Lappjævel handlar om ...
Eg synest det viktigaste temaet i utdraget er ...
Utdraget viser korleis ...
Eg synest rektor Rygh verkar ...
Det kan sjå ut som at Sammol føler ...
Eg trur faren til Sammol ...
For Sammol er det vanskeleg fordi ...
Eit sitat som viser at teksten handlar om maktmisbruk, er når ...
Møtet mellom den norske og den samiske kulturen blir beskriven ...
Eg trur forfattaren vil vise at ...
Del 3: Byt tekstar

Gå saman med ein annan elev. Byt tekstar med kvarandre og gi kvarandre tilbakemelding på om de var einige i korleis de tolka teksten.
Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarte å skrive gode setningar. Det er viktig at de gir hyggelege tilbakemeldingar. Her er døme på korleis du kan snakke vennleg og forsiktig når du gir tilbakemeldingar:
Denne setninga synest eg var veldig god.
Det du skriv her, er veldig interessant.
Kanskje du må sjå på den setninga igjen? Eg forstår ikkje heilt kva du meiner. Kan du forklare?
Eg lurer på om verbet står på feil plass i denne setninga?
Her trur eg du må ha punktum og stor bokstav, stemmer ikkje det?