Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Språk, identitet og kulturmøte i Lappjævel

Romanen Lappjævel handlar om Sammol, ein liten samisk gut som må flytte frå foreldra sine for å gå på skule. Korleis beskriv romanen møtet mellom den norske og den samiske kulturen?

Del 1: Kva kan de frå før?

Sit i grupper. Diskuter desse spørsmåla:

  1. Kva veit de om samar?

  2. Kva er ein internatskule?

  3. Den norske staten måtte seie unnskyld til samane fordi dei behandla dei så dårleg på slutten av 1800-talet og fram til 1960. Denne behandlinga kallar vi fornorskingspolitikken. Veit de kva det er? Viss ikkje – kva trur de fornorskingspolitikk kan vere?

Del 2: Lær meir om samane

  1. Sjå filmen om samane (lengde 2:17). Legg merke til dette:

    • Kva trur de Sametinget er?

    • Kva betyr det at samane er Noregs urfolk?

    • Kvifor måtte kong Harald seie unnskyld til samane?

    • Kva var fornorskingspolitikken?

    • Kvifor var det ikkje lov å snakke samisk på skulen?

    • Kvifor var det vanskeleg for samiske barn å gå på skulen?

  2. Diskuter svara på spørsmåla over i klassen.

Del 3: Les og diskuter historia om Sammol

No kan du litt om fornorskingspolitikken. Då er spørsmålet: Korleis beskriv ein roman det å vere eit samisk barn i norsk skule? Det skal de finne ut ved å lese og diskutere eit utdrag frå romanen Lappjævel av Katrine Nedrejord.

  1. Utdrag 1 handlar om den første skuledagen for Sammol. Faren følger han til skulen, og her møter dei rektor. Les utdraget og diskuter desse spørsmåla:

    • Kvifor vil ikkje Sammol vere på skulen?

    • Korleis beskriv Sammol det norske språket?

    • Korleis vil de beskrive Rektor Rygh? Grunngi ved å vise til døme frå teksten.

  2. Når vi møter Sammol igjen i utdrag 2, har han vore litt på skulen. Utdraget handlar om møtet med guten Isko. Les utdraget og diskuter:

    • Korleis vil de beskrive Isko? Grunngi ved å vise til døme frå teksten.

    • Isko mobbar Sammol. Kva mobbar han Sammol for? Vis med døme frå teksten.

  3. I utdrag 3 møter vi ein Sammol som har forandra seg etter at han har gått ei stund på skulen. Les utdraget og diskuter:

    • Kva er det Sammol saknar i livet sitt? Forklar med døme frå teksten.

    • Sammol tenker: "Eg vil ikkje vere meg". Kva trur de det betyr?

    • Sammol samanliknar norsk og samisk. Kva meiner han norsk manglar?

    • Sammol fortel om korleis han lærer meir norsk, samtidig som han "pressar vekk" minna om familien. Kva meiner han med det, trur de?

    • Utdraget avsluttar med denne setninga: "Å lære norsk er ikkje berre å lære språket. Det gjeld å klippe vekk alt som ikkje passar inn". Kva trur de det betyr?

  4. I utdrag 4 er Sammol heime igjen. Han er med faren for å fange reinsdyr. Les utdraget og diskuter:

    • Kvifor kjenner Sammol seg så dum når faren ber han fange inn eit av reinsdyra?

    • Kvifor får Sammol ein klump i magen han ikkje liker, trur de?

Del 4: Skriv om Lappjævel

No skal du skrive om teksten du har lese og diskutert. Svar på desse spørsmåla skriftleg:

  1. Teksten handlar om språk og identitet. Korleis då? Bruk eit eller to sitat for å grunngi svaret ditt.

  2. Teksten handlar òg om møtet mellom to kulturar: den samiske og den norske. Korleis synest du dette møtet blir beskrive? Grunngi svaret med eit sitat eller to.

  3. Korleis forandrar Sammol seg frå vi møter han i starten til det siste utdraget?

  4. Kvifor trur du Sammol forandrar seg?

  5. Kva trur du forfattaren vil fortelje lesarane sine ved å skrive ei historie om ein liten samisk gut på internatskule på 50-talet?

Del 5: Del med andre i klassen

Set dykk i grupper. Les svara de har skrive på dei fem spørsmåla over høgt for kvarandre. Diskuter om de hadde skrive likt, eller hadde tolka teksten ulikt. Grunngi svara.

Del 6: Skriv ein tekst om språk og identitet eller kulturmøte i Lappjævel

Vel ei av oppgåvene under:

A. Skriv om språk og identitet

Skriv ein tekst på 100–300 ord om språk og identitet i Lappjævel. Du kan få hjelp ved å bruke setningsstartarane under:

  • Eit viktig tema i Lappjævel er ...

  • I utdrag 1 ser vi at rektoren kallar Sammol for ...

  • Det eigentlege namnet hans er ...

  • Sammol reagerer med å ...

  • Seinare les vi at Sammol blir mobba fordi ...

  • Etter kvart forandrar Sammol seg. Han ...

  • Språk og identitet er òg viktig i det siste utdraget. Det er tydeleg fordi ...

  • Romanen Lappjævel viser at språk og identitet er viktig fordi ...

B. Skriv om kulturmøte

Skriv ein tekst på 100–300 ord om kulturmøte i Lappjævel. Du kan få hjelp ved å bruke setningsstartarane under:

  • Eit viktig tema i Lappjævel er ...

  • Den norske og den samiske kulturen møtest første gongen når Sammol møter Rektor Rygh. Møtet viser at ...

  • Rektor Rygh viser makt når ...

  • Sammol og faren har mindre makt og ...

  • Sammol blir mobba fordi ...

  • Dette viser at den samiske kulturen ...

  • Isko liker ikkje samane fordi ...

Del 7: Diskuter forholdet dykkar til språk og identitet

Sit i grupper. Diskuter desse spørsmåla:

  1. Var det noko i handlinga de kjende dykk igjen i i Lappjævel? I så fall – kva?

  2. Korleis opplevde de sjølve det norske språket då de først flytta til Noreg?

  3. Korleis opplevde de den norske kulturen då de flytta til Noreg?

  4. Korleis heng språk og identitet saman for dykk?

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 10.10.2024