Skriv innleiing og avslutning til fagartikkelen

Del 1: Skriv ei innleiing
Det kan vere lurt å skrive innleiinga etter at du har skrive hovuddelen. Du veit betre kva du vil seie når du har skrive hovuddelen, og då er det enklare å skrive ei innleiing som passar til innhaldet i hovuddelen.
Sjå gjennom presentasjonen under for å få tips om korleis du kan skrive innleiinga di:
Trinn 1: Presenter temaet
Skriv mellom to og fem setningar om temaet "ungdom og press". Du skal ikkje svare på problemstillinga no, berre presentere temaet. Du kan bruke desse setningsstartarane:
Mange ungdommar i dag kjenner ...
No for tida skriv avisene mykje om ...
Trinn 2: Avslutt med problemstillinga
Avslutt innleiinga di med å skrive inn problemstillinga du skal svare på. Form ho som eit spørsmål og avslutt med spørsmålsteikn.
Del 2: Skriv ei avslutning
Sjå gjennom presentasjonen under for å få tips om korleis du kan skrive avslutninga di.
Del 3: Lag tittel
Det siste du skal lage, er tittelen til fagartikkelen. Årsaka er at tittelen skal vise kva teksten handlar om, noko som er lettare å få til etter at du har skrive teksten.
Ein god tittel
gir lesaren informasjon om kva teksten handlar om
er ikkje for lang
Skriv tittelen øvst i fagartikkelen din med større skrift enn skrifta du har brukt elles.
Samanlikn med tre–fire andre elevar og gi kvarandre tilbakemeldingar på om de har klart å lage gode titlar.
Gå vidare i læringsstien for å gjere fagartikkelen din ferdig.