Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kva er ein fagartikkel?

I ein fagartikkel skal du skrive om eit tema. Du skal bruke fakta, sjå på ulike sider av ei sak og skrive presist. Her skal du lære meir om kva ein fagartikkel er.

Kva er ein fagartikkel?

Fagartikkelen er den vanlegaste du møter når du skal skrive tekstar i skulen, både i norsk og i andre fag. Når du skriv ein fagartikkel, skal du utforske eit tema.

I ein fagartikkel viser du at du kan tenke kritisk og over ulike sider ved temaet. Teksten har ei innleiing, ein hovuddel med fleire avsnitt og ei avslutning.

Språket i fagartikkelen

Språket skal vere , utan for mange personlege meiningar. Målet er å lesaren, ikkje å eller e. Ein god fagartikkel grunngir med kunnskap, ikkje kjensler.

Bruk kjelder

Ein god måte å meiningane dine på er å bruke kjelder. Når du viser til fakta frå gode kjelder, blir det du skriv, meir enn om du berre skriv: "Eg trur at ...".

Hugs at kjeldene du bruker, må vere til å stole på. Du må altså vere kritisk og velje kjelder som gir rett og sann informasjon.

Gå vidare i læringsstien for å lese eit døme på ein god fagartikkel.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 11.06.2025