Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Flukta frå den galne greven

Er du klar til å møte ein greve som er galen etter grammatikk? I denne oppgåva skal du gå inn i eit kodekammer. Der skal du løyse grammatikkoppgåver og samle vakre steinar for å sleppe ut av det flotte, men skumle huset til greven.

Til læraren

Dette kodekammeret handlar hovudsakleg om grammatikk, men det er òg nokre element i kammeret som skal skape mystikk og forklare kvifor hovudpersonen, den galne greven, har blitt til den han er. Når elevane bevegar seg gjennom kodekammeret, vil dei komme innom fem rom:

  1. I Syntaksrommet skal elevane lage setningar med ord i rett rekkefølge.

  2. I Verbrommet skal elevane bøye verb og vise at dei kan bruke preteritum og (presens) perfektum på rett måte.

  3. I Substantivrommet skal elevane bøye substantiv og vise at dei kan bruke bestemd og ubestemd form av substantiv korrekt.

  4. I Adjektivrommet skal elevane bøye adjektiv.

  5. I Meisterprøve-rommet skal elevane lære meir om den gåtefulle bakgrunnen til greven og bli betre kjende med den avdøde kona hans.

Tips

  • Spel gjennom kodekammeret sjølv før du prøver det ut med elevane. Då blir det lettare for deg å gi elevane råd og tips undervegs.

  • Dette kodekammeret krev ein aktiv lærar som hjelper dei som sit fast. Elevane skal prøve og feile litt undervegs i kodekammeret, men det er viktig at du passar på å hjelpe dei som mistar motet.

Kva skal du gjere?

Konkurrer om å bli den eller dei første som kjem seg ut av huset til greven. De kan jobbe i par eller åleine.

Tips

  • Trykk på ikonet øvst i høgre hjørne for å få sett kodekammeret i fullskjermvisning. Dette er viktig for at du skal få med deg alle detaljane.

  • Du bevegar deg rundt i romma ved hjelp av pc-musa.

  • Viss hand-symbolet blir til ein peikefinger, er det verdt å stoppe opp og lese.

  • Ta deg tid til å lese teksten nøye. Spesielt viktig er sceneskildringane. Viss du har behov for å lese dei ein gong til, trykk på i-en nedst til venstre i biletruta.

  • Du kan få lyd ved å trykke på lydikonet nedst til venstre.

Kodeark

Det er lurt å skrive ned kodane du finn undervegs. Du kan laste ned dokumentet nedanfor. Det kan hjelpe deg å halde styr på kodane du finn.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 02.09.2025