Oppgåve
Interaktivt innhald
Flukta frå den galne greven
Er du klar til å møte ein greve som er galen etter grammatikk? I denne oppgåva skal du gå inn i eit kodekammer. Der skal du løyse grammatikkoppgåver og samle vakre steinar for å sleppe ut av det flotte, men skumle huset til greven.
I dette kodekammeret møter du ein greve som er galen etter grammatikk. Du kjem til å finne ut kva som driv han, men då må du først bevise at du meistrar norsk grammatikk!
Kva skal du gjere?
Konkurrer om å bli den eller dei første som kjem seg ut av huset til greven. De kan jobbe i par eller åleine.
Tips
Trykk på ikonet øvst i høgre hjørne for å få sett kodekammeret i fullskjermvisning. Dette er viktig for at du skal få med deg alle detaljane.
Du bevegar deg rundt i romma ved hjelp av pc-musa.
Viss hand-symbolet blir til ein peikefinger, er det verdt å stoppe opp og lese.
Ta deg tid til å lese teksten nøye. Spesielt viktig er sceneskildringane. Viss du har behov for å lese dei ein gong til, trykk på i-en nedst til venstre i biletruta.
Du kan få lyd ved å trykke på lydikonet nedst til venstre.
Kodeark
Det er lurt å skrive ned kodane du finn undervegs. Du kan laste ned dokumentet nedanfor. Det kan hjelpe deg å halde styr på kodane du finn.