Årsplan norsk kort butid vg2 YF

Kvifor ein årsplan for begge elevgruppene?
I mange norskklassar på vg2 YF er det ei samansett elevgruppe der somme elevar følger den ordinære læreplanen i norsk, mens andre følger læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Det kan vere utfordrande å gi ei inkluderande og fagleg god nok undervisning når elevane har så ulike føresetnader.
Same tema – ulik tilnærming
Derfor har vi i NDLA utvikla ein årsplan som tek høgde for denne variasjonen. Planen legg opp til at alle elevane arbeider med dei same temaa og aktivitetane i klasserommet, men med tilpassingar som gjer undervisninga relevant og tilgjengeleg for elevar med ulike språklege føresetnader. Målet er å støtte integrering i faglege og sosiale fellesskap, samtidig som elevane med norsk som andrespråk får hjelp til å meistre det dei ofte synest er krevjande – både språkleg og fagleg.
Tilpassa undervisning
I årsplanen finn du forslag til ressursar og undervisningsopplegg som er tilpassa språklege minoritetar, både når det gjeld språk, forklaringar og faginnhald. På denne måten ønsker vi å gjere det enklare for lærarar å kombinere dei to læreplanane i praksis – med éin samla plan for heile klassen.
Til læraren
Somme stader i årsplanen, under kort butid, finn du metodiske tips til læraren, knytte til det emnet elevane skal jobbe med.
NB! Årsplanen manglar nokre få lenker. Det er ressursar som blir publiserte i løpet av hausten.