Å lære bort uttale

Kva meiner ein med "forståeleg uttale"?
Læreplanen for norsk kort butid SF vg1 og YF vg2 seier at elevane skal "uttrykke seg med forståeleg uttale" (Udir, 2020). Forståeleg uttale betyr at eleven kan kommunisere klart slik at lyttaren forstår. Vi seier at uttalen skal vere funksjonell. Med dette meiner vi at det ikkje er forventa at elevane skal snakke som ein førstespråksbrukar.
Kva påverkar uttalen?
For å lære god uttale er det viktig å eksponere seg for målspråket i ulike situasjonar, både ved å lytte og ved å bruke språket aktivt. Å møte og bruke norsk i dagleglivet er viktig. Elevar som blir eksponerte for ulike talemål og språksituasjonar, lærer uttale raskare. I tillegg er motivasjon viktig, at innlæraren har eit sterkt ønske om å lære seg uttale og jobbar godt med det.
Til ei viss grad er òg den språklege bakgrunnen viktig. Det språklege repertoaret til innlæraren, strategiar for innlæring og likskapar med andre språk er nokre faktorar som kan bidra til betre uttale (Knudsen & Husby, 2020).
Forventningane elevane har til eigen uttale
Mange elevar ønsker å snakke så innføddlikt som mogleg for å unngå å skilje seg ut. Sjølv om uttalen ikkje seier noko om intelligensen til ein person, kan andrespråkbrukarar av norsk oppleve å bli undervurderte, noko som blir forsterka av stereotypiar og humoristiske framstillingar i media. Men sjølv om elevane jobbar mykje og iherdig med uttale av norsk, vil det vere urealistisk for dei å oppnå ein heilt lik uttale (Knudsen & Husby, 2020).
Systematisk opplæring
Som lærar er det lurt å legge til rette for at elevane snakkar mykje i klasserommet. Du bør òg modellere og jobbe meir systematisk med opplæring i både enkeltlydar, intonasjon og prosodi. Hovudmålet med opplæringa bør først og fremst vere å få eit funksjonelt språk, ikkje å minske aksent. Det er derfor lurt å jobbe mest med dei områda der feil uttale fører til misforståingar.
Punkta under er henta frå boka Uttaleundervisning (& Knudsen Husby, 2020):
vokalar og vokallengde
forskjell mellom skrift og uttale av vokalar
konsonantar og konsonantsamansetningar (og at nokon av og til er stumme)
stavingar, ord og trykk
intonasjon (trykkplassering, tonelag, talerytme)
I emnet "Lytt, skriv og snakk" finn du filmar, oppgåver og fagartiklar som kan støtte arbeidet med uttale av norsk.
Praktiske tips og råd

Kartlegg utfordringane
Ta omsyn til språkbakgrunnen til elevane for å identifisere vanlege utfordringar. Når fleire elevar har same eller liknande førstespråk, kan tilpassa gruppeøvingar vere effektive.
Fagartiklane våre om nokre av dei største innvandrarspråka kan gi nyttig innsikt i språklege likskapar og forskjellar. Du finn òg ei oversikt over litteratur der norsk blir samanlikna med andre språk i artikkelen "Kontrastive beskrivelser" på NAFO sine nettsider.
Skap tryggleik gjennom leik
Vis gjerne at uttaleutfordringar er normale når vi lærer eit nytt språk. Til dømes kan du som lærar prøve å seie ei setning på førstespråket til elevane. Det vil sannsynlegvis skape latter, men samtidig vise at alle møter utfordringar når dei lærer nye språk og lydar. Ei leikprega tilnærming kan gi elevane tryggleik og oppfordre dei til å eksperimentere med lydar.
Å la elevane etterlikne norsk tale frå norske tv-seriar og filmar kan gjere dei tryggare på språket. Det same gjeld norske songar, rim og reglar. Slike øvingar er ofte effektive for å utvikle intonasjon.
Repetere vanlege ord og frasar
Du kan be elevane gjenta setningar direkte etter deg, eller du kan gi dei lydopptak av ord og setningar dei kan øve på heime. Dette hjelper dei med å bli vane med naturleg norsk prosodi.
Rollespel
Rollespel kan òg vere nyttig. Lag scenario der elevane kan praktisere uttale i realistiske kontekstar. Det kan vere situasjonar elevane sjølv melder inn at dei vil øve på, eller det kan vere skulerelaterte situasjonar.
Individuell tilbakemelding
For å skape eit trygt læringsmiljø bør du først snakke med elevane om korleis dei ønsker å få tilbakemelding, spesielt når det gjeld tilbakemelding på uttale i ei stor gruppe. Hugs at nokon kan bli stille viss dei ofte blir retta på framfor andre. Det er derfor viktig å legge vekt på positive tilbakemeldingar.
Det er lettare å ta imot ros enn å høyre at noko er feil. Gi konkrete tilbakemeldingar på artikulasjon og tonefall, både undervegs i timane og i individuelle elevsamtalar. Hugs òg å anerkjenne sjølv små framsteg, for dette bidreg til å bygge sjølvtilliten til elevane.