Utforsk språka i klassen

Del 1: Skriv på tavla
Tell først opp kor mange ulike språk de har i klassen. Del tavla inn i like mange delar (kolonnar) som de har språk. Skriv namnet på kvart språk øvst i kvar "kolonne".
Ein representant for kvart språk kjem opp på tavla og skriv desse tre setningane inn i kolonnen for språket sitt:
Adam liker Sara
Sara elskar Adam
Eg gir Adam ein klem
Dei som bruker andre alfabet enn det latinske (det som norsk blir skrive med), må prøve å omsetje skriftleg ved å skrive orda på norsk over kvart ord på språket sitt. Dette er for at alle skal forstå i kva rekkefølge orda kjem.
Del 2: Kva observerer de?
Sit i grupper. Skriv ned alle forskjellane og likskapane de ser mellom språka.
Kan de nokon fagomgrep som beskriv forskjellane? Prøv å bruke desse omgrepa for å setje namn på forskjellane de ser.
Diskuter alle likskapane og forskjellane de ser i klassen.
Del 3: Les om leddstillingsspråk og kasus
No skal de lese artikkelen "Leddstillingsspråk og kasusspråk". Det kan høyrast vanskeleg ut, men viss de ser på setningane på tavla, og tenker over diskusjonen de har hatt om forskjellar i språk, vil det hjelpe dykk til å forstå kva både leddstillingsspråk og kasus er.
Les først kapittelet Leddstillingsspråk. Stopp opp når de kjem til delen om kasusspråk.
Sjå på tavla: Prøv å finne ut om dei ulike språka i klassen er SVO-språk, SOV-språk eller VSO-språk.
Samanlikn med det andre i klassen seier.
Les kapittelet Kasusspråk.
Kan de finne døme på kasus i setningane på tavla? Ver særleg på jakt etter om namn som "Adam"og "Sara" forandrar form i nokon av setningane.
Diskuter i klassen om de har gjort kasus-funn. Prøv òg å forklare kvarandre kvifor namna forandrar form viss de har observert dette. Bruk omgrep som "subjekt", "direkte objekt" og "indirekte objekt".
Diskuter i klassen: Er det nokon som snakkar språk med fri leddstilling? Kan de til dømes stokke om på ledda i setningane på tavla, men likevel få same meining?
Del 4: Samanlikn førstespråket ditt med norsk
Skriv ei kort samanlikning av førstespråket ditt med norsk. Bruk desse fagomgrepa:
leddstillingsspråk
SOV-språk, SVO-språk og/eller VSO-språk
subjekt, verbal og objekt
kasusspråk
fri leddstilling
Du kan bruke nokre av desse formuleringane i samanlikninga di:
Viss noko er likt (likskapar) | Viss noko er ulikt (motsetningar) |
|---|---|
|
|
Gå vidare i læringsstien for å presentere førstespråket ditt med norsk.