Øv på tekstbehandling: rette feil i tekst
Del 1: Feil med strek under seg
Opne dokumentet "Elevtekst: Analyse av 'Skylappjenta'". Hugs å velje rett språk (norsk nynorsk) i dokumentet. Blå understreking betyr at det er feil grammatikk. Raud strek betyr at ordet er skrive feil.
No skal du prøve å rette teksten:
Sjå først på orda som har blå strek under seg. I Word kan du bruke eit verktøy som ligg oppe til høgre på verktøylinja. Det heiter "Redaktør", og symbolet er ein penn. Då får du opp ei forklaring på kva som kan vere feil i stavekontroll og grammatikk. Når du opnar desse, får du forslag til retting. Les nøye før du vel eit av forslaga!
Eit anna alternativ er å høgreklikke på orda (eller bruke hurtigtastane Alt+F7), så får du opp ei forklaring og forslag til retting. Endre til det du meiner er rett.
NB! Retteprogrammet fungerer ikkje like godt når det skal finne grammatiske feil i nynorskversjonen som det gjer i bokmål, så det kan vere feil i teksten, sjølv om du ikkje finn blå strekar. Då kan det vere lurt å sjekke teksten med bokmålsordboka i dokumentet først.
Gjer det same med orda som har raud strek under seg. Endre til det som retteprogrammet foreslår.
Del 2: Lytt etter fleire feil
Det er fleire feil i teksten enn det retteprogrammet har funne. Klarer du å finne dei når du høyrer dei opplesne?
Les teksten høgt eller bruk "Engasjerende leser" i nettlesaren din.
Høyrer du kva som er feil? Endre til det du meiner er rett. Les om korleis du bruker "Engasjerende leser" på Statped.
Del 3: Omset teksten
Omset så teksten frå norsk til førstespråket ditt. Kva for ord og setningar blir omsette feil? Sjekk dette først:
Er ordet skrive og bøygd korrekt i norsk? Bruker du til dømes rett form av substantiva (bestemd/ubestemd)?
Er orda med lang vokal skrivne med dobbelt konsonant?
Har du med alle nødvendige ledd i setninga? Sjekk at verba står på rett plass. Det same med setningsadverbiala.
Får du eit rart ordforslag? Sjekk om ordet har ulike betydningar på norsk i ordboka. Kanskje har omsetjingsprogrammet valt feil betydning eller gått ut frå at det var eit anna ord som liknar.
Del 4: Sjekk fasiten
I oppgåva under skal du rette opp nokre av feila du har funne i teksten. Det er lurt å ha teksten du har retta framfor deg når du skriv inn forslaga dine:
Del 5: Forklar kva som var feil
Forstod du kva som var feil og kvifor? Det er faktisk det viktigaste når du jobbar med verktøya i tekstbehandlingsprogrammet.
Bruk videoar, artiklar og øvingsoppgåver til å lære deg reglane.
Spør læraren når du ikkje forstår.
Tenk deg at du skal gi eleven som skreiv teksten nokre gode råd. Skriv råda inn i teksten eller les dei inn ved å bruke stemmestyrt skriving (diktering). Les om ulike verktøy for stemmestyrt skriving.