Øv på tekstbehandling: rette feil i tekst
Del 1: Feil med strek under seg
Opne dokumentet "Elevtekst: Analyse av "Skylappjenta". Husk å velge rett språk (norsk nynorsk) i dokumentet. Blå understreking betyr at det er feil grammatikk. Raud strek betyr at ordet er skrive feil.
No skal du prøve å rette teksten:
Sjå først på orda som har blå strek under seg. Høgreklikk på orda (eller bruk hurtigtastane Alt+F7), så får du opp ei forklaring og forslag til retting. Endre til det du meiner er rett.
NB! Retteprogrammet fungerer ikkje like godt når det skal finne grammatiske feil i nynorskversjonen som det gjer i bokmål, så det kan vere feil i teksten sjølv om du ikkje finn blå strekar. Då kan det vere lurt å sjekke teksten med bokmålsordboka i dokumentet først.
Gjer det same med orda som har raud strek under seg. Endre til det som retteprogrammet foreslår.
Del 2: Lytt etter fleire feil
Det er fleire feil i teksten enn det retteprogrammet har funne. Klarer du å finne dei når du høyrer dei opplesne?
Les teksten høgt eller bruk "Engasjerende leser" i nettlesaren din.
Høyrer du kva som er feil? Endre til det du meiner er rett.
Sjå ein film om korleis du bruker "Engasjerende leser" på Statped.
Del 3: Omset teksten
Omset så teksten frå norsk til førstespråket ditt. Kva for ord og setningar blir omsette feil? Sjekk dette først:
Er ordet skrive og bøygd korrekt i norsk? Bruker du til dømes rett form av substantiva (bestemd/ubestemd)?
Er orda med lang vokal skrivne med dobbelt konsonant?
Har du med alle nødvendige ledd i setninga? Sjekk at verba står på rett plass. Det same med setningsadverbiala.
Får du eit rart ordforslag? Sjekk om ordet har ulike betydningar på norsk i ordboka. Kanskje har omsetjingsprogrammet valt feil betydning eller gått ut frå at det var eit anna ord som liknar.
Del 4: Sjekk fasiten
I oppgåva under skal du rette opp nokre av feila du har funne i teksten. Det er lurt å ha teksten du har retta framfor deg når du skriv inn forslaga dine:
Del 5: Forklar kva som var feil
Forstod du kva som var feil og kvifor? Det er faktisk det viktigaste når du jobbar med verktøya i tekstbehandlingsprogrammet.
Bruk videoar, artiklar og øvingsoppgåver til å lære deg reglane.
Spør læraren når du ikkje forstår.
Tenk deg at du skal gi eleven som skreiv teksten nokre gode råd. Skriv råda inn i teksten eller les dei inn ved å bruke stemmestyrt skriving (diktering).