Lag praterobot til minoritetsspråklege elevar

Introduksjon
Kunstig intelligens er eit kraftig verktøy som kan vere nyttig i mange samanhengar. Det er lurt å setje seg inn i kva verktøyet kan brukast til, men òg kva det ikkje er så lurt å bruke det til. På NDLA finn du mange fagartiklar som tek for seg ulike sider ved kunstig intelligens i skulen. Her er nokre ressursar det er lurt å lese gjennom før du tek med deg kunstig intelligens i norskundervisninga:
Opprett eigendefinert praterobot
Dei fleste praterobotar kan gjere det meste du ber dei om. Ber du ein praterobot gi deg tilbakemelding på ein tekst du legg inn, gjer han det. Ulempa er at han kan gi ganske lange svar med mange fagomgrep. Det blir fort vanskeleg for elevar som ikkje meistrar norsk så godt.
Derfor kan det vere lurt å lage din eigen spesialtilpassa robot. Då får du han til å gi svar som passar elevane du har. Det er ikkje så vanskeleg som det kanskje høyrest ut. Vi tek deg gjennom trinna.
Slik gjer du det
NDLA sine praterobotar ligg bak Feide-innlogging på framsida til ndla.no, "Min side". Desse praterobotane varetek datasikkerheiten til elevane og er godkjende for bruk i skulen.
Prøv NDLAs praterobotar:
Vel "Lag din eien praterobot".
Velg så "Opprett praterobot".
Gi roboten eit namn, til dømes "Diskusjonsroboten".
Skriv inn systeminstruks. Sjå tips og forslag vidare i artikkelen.
Skriv inn eit oppstartsspørsmål roboten skal komme med til elevane.
Vel temperatur og modell. Rettleiing til dette ligg på sida.
Opprett roboten.
Når du har oppretta roboten, kan du laste ned oppsettet for å bruke igjen seinare, eller for å dele med andre. Du kan òg berre kopiere og ta vare på systemleieteksten.
Kva er systeminstruksar?
Du er kanskje van med å stille spørsmål til praterobotar? Det kan vere spørsmål eller instruksar som "Kan du foreslå argument?" eller "Finn skrivefeil i denne teksten". Slike kommandoar i ein samtale med praterobotar kallar vi instruksar eller leietekstar.
Vi bruker systeminstruksar for å lage eigne praterobotar. Ein systeminstruks er ein overordna instruks. Han bestemmer korleis roboten skal svare på dei spørsmåla som blir stilte når samtalen er i gang. Du vil at han skal generere svar som er tilpassa den eller dei elevane som skal bruke han.
Bruk rett omgrep!
- Instruks
- (også kalla leietekst eller prompt) blir brukt i samtale med ein praterobot.
- Systeminstruks
- (også kalla systemleietekst eller systemprompt) blir brukt til å setje rammer for korleis prateroboten skal oppføre seg når han svarer.
Korleis bør ein systeminstruks sjå ut?
Det er viktig at du er ganske detaljert når du formulerer systeminstruksen. Jo meir konkret du er, jo betre svar vil pratroboten gi.
Gi prateroboten ei rolle, ein kontekst og ei målgruppe. Fortel detaljert kva han skal gjere, og korleis du vil at svaret skal sjå ut.
Forslag til systeminstruks
Ein systeminstruks til ein diskusjonsrobot for elevar med norsk som andrespråk kan til dømes sjå slik ut:
Du skal diskutere med ein ung person som ikkje kan norsk så godt. Du må derfor svare med korte setningar og bruke vanlege, høgfrekvente norske ord. Ikkje svar med meir enn ti setningar. Viss du ikkje forstår det eleven skriv, still oppklarande spørsmål. Temaet de skal diskutere er "dialekter". Du skal heile tida argumentere for det motsette av det eleven meiner. Du skal òg be eleven grunngi eigne meiningar.
Det er viktig at du testar ut systeminstruksen før du opprettar og deler prateroboten med elevane, slik at du får sjekka at han oppfører seg slik du vil. Kanskje må du justere litt på formuleringane dine.
Hent gjerne inspirasjon frå systeminstruksen i fagartikkelen "Samling med systemleietekstar".
Temperatur
Du kan stille inn det vi kallar temperatur på roboten. Jo høgare temperatur, jo meir kreativ blir roboten. Ofte ønsker vi at roboten svarer så nøkternt som mogleg. Då er det lurt å stille temperaturen så lågt som mogleg.
Relatert innhald
Korleis kan KI brukast i språkinnlæring? Få tips om kva det kan vere lurt å tenke på.
Lærarrettleiing og forslag til korleis elevar kan bruke praterobotar til å øve på samtalar.