Korleis skal du skrive portrettintervju? - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis skal du skrive portrettintervju?

Lær korleis du skriv portrettintervju ved å studere to døme.

Dette er ein del av ein læringssti. For å komme til starten, går du til artikkelen "Kven er dei andre, eigentleg?" .

Del 1: Les intervjuet med Selin

  1. Opne artikkelen "To døme på eit portrettintervju" og les døme 1: "Selin – sosial, elskar bøker og å prate."

  2. I intervjuet er det både frå Selin, altså noko Selin har sagt, og intervjuaren sine eigne setningar. Korleis ser vi kva som er sitat og kva som er setningane til intervjuaren?

  3. Intervjuet viser både kva Selin liker og korleis ho er som person. Gi døme på korleis vi ser at ho er glad og sosial.

  4. Kva meiner du og skal gjere i intervjuet?

  5. Samanlikn svara dine med svara til ein annan i klassen.

Tips

Legg merke til desse setningane som viser til Selin: "seier ho med eit smil", "seier ho og ler" og "nesten roper ho og ler".

  • "Kaféane her er koselege," seier ho med eit smil.

  • "Det er alltid noko nytt å snakke om," seier ho og ler.

  • "Det er så mykje spennande å oppdage!", nesten roper ho og ler.

Setningane viser at Selin er ein glad og open person som liker å snakke med andre menneske.

Del 2: Les intervjuet med Marko

Jobb i grupper:

  1. Les intervjuet "Marko – guten som elskar musikk".

  2. Diskuter kva Marko har, og korleis portrettintervjuet viser denne personlegdommen.

Del 3: Samanfatt

Samanfatt med elevane i klassen:

  1. Kva er det viktigaste målet med eit portrettintervju?

  2. Kva er dei viktigaste skrivetipsa de har lært av å lese dei to portrettintervjua?


Gå vidare for å skrive portrettintervjuet ditt.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2024