Kven er dei andre, eigentleg? - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kven er dei andre, eigentleg?

På tide å bli skikkeleg kjend med kvarandre! Lær korleis du intervjuar andre og skriv eit portrettintervju.

Dette er første trinnet i ein læringssti om å lage portrettintervju.

Kven er dei andre i klassen?

Å lage eit portrettintervju hjelper deg med å bli kjend med ein ny i klassen. gjer at du må snakke med fleire andre elevar òg.

Kva skal du gjere?

Du skal gjere arbeidet med å lage eit portrettintervju i denne rekkefølga:

1. Forarbeid

  • Kva veit du om personen frå før? Kva lurer du på?

2. Søk etter informasjon (gjer research)

Finn ut meir om den du skal intervjue. Du skal

  • søke etter informasjon i klassen

  • søke på internett

2. Førebuing til intervjuet

Førebuing betyr å gjere seg klar. Du skal altså gjere deg klar til intervjuet ved å

  • lage gode spørsmål
  • finne rett utstyr

3. Gjennomføring av intervjuet

Gjennomføring betyr å gjere sjølve intervjuet. Du skal

  • stille spørsmål til den du intervjuar og svare på spørsmål når du blir intervjua

4. Les ein modelltekst

Ein modelltekst er ein tekst som blir brukt som døme for å vise korleis du kan skrive ein liknande tekst sjølv. Du skal

  • lese to døme på portrettintervju for å få hjelp til å skrive sjølv

5. Skriv og publiser intervjuet

  • Skriv intervjuet.

  • Set inn bilete.

  • Intervjuobjektet godkjenner intervjuet.

  • Publisere intervjuet: Alle i klassen skal kunne lese portrettintervjua.

Startoppgåve: Finn intervjuobjektet ditt

Du får tre minutt til å løyse denne oppgåva:

Set deg ved sida av ein i klassen du aldri har snakka med tidlegare. Viss du har snakka med alle i klassen, set deg ved sida av den du synest du kjenner minst. Du skal lage eit portrettintervju av den du set deg ved sida av.

Gå vidare for å lære korleis du gjer forarbeid og research til eit portrettintervju.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2024