Forstå tekst med KI
Vanskelege tekstar?
Å lese fagtekstar kan vere krevjande for mange elevar, og for minoritetsspråklege er det ekstra krevjande å tileigne seg kunnskap gjennom eit andrespråk. Dei må både avkode det norske språket og forstå det faglege innhaldet.
Få hjelp til å forstå tekst
Ein praterobot kan hjelpe elevane med å omarbeide teksten. Ein måte er å lime inn digitale tekstar i prateroboten og be om ein forenkla versjon av teksten. Du kan til dømes be om eit samandrag eller ei oppsummering av dei viktigaste poenga i ein tekst. Roboten kan òg forklare vanskelege omgrep, utdjupe forklaringar og gi deg konkrete døme.
Tips: Finn ein aktuell artikkel, til dømes på NRK eller ein fagartikkel på NDLA. Vis elevane korleis dei kan legge inn teksten i prateroboten og be han om å forenkle, utdjupe og så vidare. Hugs at det er viktig å forklare kva instruksjonsverba betyr.
Forslag til spørsmål
Elevane kan til dømes skrive inn denne instruksen:
Kan du samanfatte innhaldet i denne artikkelen og forklare omgrepa? Eg held på å lære norsk, så fint viss du ikkje har så mange punkt og skriv eit enkelt språk med korte setningar og høgfrekvente ord. (Dei må kopiere tekst frå ein artikkel og lime inn.)
Dei kan følge opp svara med detaljerte spørsmål. Tips dei gjerne om oppfølgingsspørsmål:
Her brukte du mange vanskelege ord. Kan du forklare dei?
Eg skjønner ikkje kva [---] er. Kan du forklare ved å bruke døme?
Bruk førstespråket til elevane
For dei fleste hjelper det å forstå innhaldet i ein tekst dersom dei får bruke førstespråket sitt som støtte. Mange er allereie vane med å bruke ulike omsetjingsprogam og kjenner til korleis desse fungerer.
Prateroboten er òg ganske god til å omsetje. Som oftast vil han bruke dei rette omgrepa og gi elevane ein god versjon av teksten på språket dei ber om.
Ver klar over at roboten kan dikte opp noko viss han ikkje forstår teksten. Det er derfor ekstra viktig at elevane òg jobbar med teksten på norsk i etterkant.
Forslag til etterarbeid:
gi att innhaldet munnleg til ein medelev
skrive ned nye/viktige ord både på norsk og førstespråket
skrive eit kort referat eller ei stikkordliste som samanfattar innhaldet
Hugs eit kritisk blikk!
Både i ei forenkling og i ei omsetjing vil nyansar forsvinne, og noko kan òg bli direkte feil. Dette er ikkje alltid lett å oppdage utan god fagkunnskap, og endå vanskelegare er det for elevar med eit anna førstespråk. Det er derfor lurt å bruke KI saman med elevane i starten, modellere bruken og snakke om styrkar og svakheiter i verktøyet.
Relatert innhald
Korleis kan KI brukast i språkinnlæring? Få tips om kva det kan vere lurt å tenke på.