Forarbeid og research til portrettintervju

Dette er ein del av ein læringssti. Gå til artikkelen "Kven er dei andre, eigentleg?" for å komme til det første trinnet.
Kva er research?
Research er arbeidet du gjer før intervjuet for å vere førebudd og kunne stille gode spørsmål. Er du ikkje førebudd blir det som å møte dårleg førebudd til ein prøve – då kan det lett gå dårleg!
Førebuing til research
Kva veit du allereie frå før? Kva lurer du på? Bruk 10 minutt til å skrive ned
- alt du veit om medeleven du skal intervjue
- alt du lurer på om medeleven din
Research i klassen
No skal du bruke 30 minutt til å snakke med flest mogleg elevar i klassen. Sjølv om du ikkje kjenner intervjuobjektet (O) godt, kan du få informasjon av andre som kjenner hen. Gå rundt i klasserommet og still spørsmål som:
- Kva hobbyar har O?
- Kor mange søsken har O?
- Kva synest O om skule?
Kva slags musikk høyrer O på?
- Har O nokon vanar/uvanar?
- Kva er typisk O?
- Kva er det aller viktigaste i livet til O?
- Kva engasjerer O?
NB! Hugs å hugse!
Research hjelper ikkje om du gløymer det du har fått vite. Skriv ned eller ta opp lyd på mobilen av det medelevane fortel deg.
Research på internett
Bruk 15 minutt på å finne ut meir om intervjuobjektet ditt på internett:
Sjekk sosiale medium som Instagram, Tik Tok og så vidare.
Søk på namnet til O i ein søkemotor. Spør gjerne O om treffa du finn er aktuelle. Av og til kan du få treff på andre som heiter det same.
Skriv ned kva slags inntrykk du får av O etter researchen.
NB! Ver varsam med informasjonen
Viss nokon fortel deg noko om O som du meiner er privat, må du vere varsam. Bli einig med O om kva hen synest er greitt å skrive om eller ikkje. Uansett skal O lese gjennom intervjuet og godkjenne det før andre kan lese det.
Gå vidare for å førebu intervjuet ditt.
Relatert innhald
Planlegg gode spørsmål og gjer klar utstyr før du skal gjennomføre eit intervju.