Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Finn substantivfrasane

Øv deg på å kjenne igjen substantivfrasar i bestemt og ubestemt form.

1. Finn substantivfrasen i ubestemt form

Vel substantivfrasene som står i ubestemt form:

2. Finn substantivfrasane i bestemt form

Vel substantivfrasane som står i bestemt form:

Oppgåve 1 og 2 som rein tekst

Les teksten under og finn

  1. alle substantivfrasane som står i ubestemt form

  2. alle substantivfrasane som står i bestemt form

Då eg var liten, hadde eg ein søt katt. Han likte godt mjølk, og ein gong gjekk han inn til ein nabo og fann ei stor skål med mjølk. Då han hadde drukke all mjølka, gjekk han vidare og fann ein rund bolle med vatn. Oppi vatnet svømte tre vakre gullfiskar. Heldigvis nådde ikkje den rampete katten vår ned, så alle dei vakre gullfiskane lever framleis i dag.

Fasit

Substantivfrasane i ubestemt form:

  • ein søt katt

  • mjølk

  • ein gong

  • ein nabo

  • ei stor skål med mjølk

  • ein rund bolle med vatn

  • tre vakre gullfiskar

Substantivfrasane i bestemt form:

  • all mjølka

  • vatnet

  • den rampete katten vår

  • alle dei vakre gullfiskane

3. Beskrivar, bestemmar eller kjerne?

Kva for eit ord i frasen er beskrivar, bestemmar eller kjerne? Plasser orda i rett boks.

4. Gjer om til bestemt form

Gjer dei ubestemte substantivfrasane om til bestemt form.

Døme:

  • "Eit fint hus" gjer du om til bestemt form ved å skrive "Det fine huset".

  • "Ein snill gut med brune auge" gjer du om til bestemt form ved å skrive "Den snille guten med brune auge".

Viss du treng hjelp, kan du trykke på i-knappen. Då får du første ordet i substantivfrasen.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg meir på å lage substantivfrasar.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 28.04.2026