Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bestemt eller ubestemt form?

I denne oppgåva skal du øve deg på om substantivet skal stå i bestemt eller ubestemt form.

Til læraren

Denne oppgåva handlar om bestemtheit og kjend og ukjend informasjon. Elevane bør ha lese fagartikkelen "Bestemtheit" før dei gjer oppgåva.

Oppgåve 1. Kva for ein setning er riktig?

Sit i par. Diskuter kva for ein setning som er riktig og svaret. Snu kortet for å finne rett svar og grunngiving. De kan få hint ved å trykke på informasjonsknappen til høgre på kortet.

Oppgåve 2. Plasser ordet

Plasser substantivet som har rett form i rett boks. Hugs at når substantivet er ukjend informasjon, skal det stå i ubestemt form (ein mann), mens det skal stå i bestemt form når det er kjend informasjon (mannen).

Nokre av alternativa er feil og skal ikkje brukast.

Oppgåve 3. Skriv riktig form av substantivet

Skriv inn riktig form av substantivet i parentes. Viss du ikkje veit kva kjønn substantivet er, får du hjelp viss du ser under oppgåva.

Oppgave 4. Lag ein dialog

  1. Gå saman i par. Lag ein samtale på 8–10 setningar. Målet er at samtalen skal innehalde mange substantiv i både bestemt og ubestemt form. Skriv samtalen ned.

  2. Framfør samtalen framfor klassen. Få klassen til å gi tilbakemelding på om de har brukt bestemtheit rett.

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om bestemtheit.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 15.02.2024