Eitt eller to ord?
Kva er samanskriving og særskriving?
Sjå ein film om samanskriving og særskriving (lengde 2:26) før du les artikkelen.
Samanskriving

På norsk lagar vi nye ord ved å setje saman to ulike ord. Dette blir kalla ei samanskriving. Eit døme er ordet "kaffikopp". Dette ordet er sett saman av kaffi + kopp.
Etterledd og forledd
Ordet "kopp" kan vi kalle etterledd. Etterleddet viser den viktigaste betydninga ordet har: Det er ein kopp. Ordet "kaffi" kan vi kalle forledd. Forleddet seier litt meir om etterleddet. Det er altså ein kopp vi drikk kaffi av.
Forledd | Etterledd | Samanskriving |
|---|---|---|
Forleddet beskriv etterleddet nærare | Etterleddet viser den viktigaste betydninga til ordet. | |
| KAFFI | KOPP | KAFFIKOPP |
| TE | KOPP | TEKOPP |
| DATA | MASKIN | DATAMASKIN |
| KLASSE | ROM | KLASSEROM |
Oppgåve 1. Forledd, etterledd og samanskriving
I denne oppgåva skal du utforske korleis norsk lagar samanskrivingar ved å setje saman to ord. Dra forleddet og etterleddet til rett boks for å lage samanskrivinga.
Å lime saman ord
Av og til bruker vi "lim" for å setje saman to ord. Ofte gjer vi det for at samanskrivinga skal bli enklare å uttale. Til dømes er det vanskeleg å seie "fiskkake". Derfor limer vi orda fisk + kake saman med bokstaven -e: Fiskekake.
Dette "limet" kallar vi ei fuge. Ei fuge er eit mellomrom vi fyller med noko, og når vi lagar samanskrivingar, fyller vi det altså med ein bokstav.
Det vanlegaste er å bruke -s eller -e som fuge:
Forledd | Fuge | Etterledd | Samanskriving |
|---|---|---|---|
| fisk | e | kake | fiskekake |
| barn | e | bok | barnebok |
| arbeid | s | bok | arbeidsbok |
| søknad | s | frist | søknadsfrist |
Oppgåve 2. Lag samanskriving med fuge
Særskrivingsfeil
Regelen i norsk er at samanskrivingar alltid skal skrivast i eitt ord. Viss du skriv ei samanskriving i to ord, kallar vi det ein særskrivingsfeil. Ordet sær betyr "åleine" eller "for seg sjølv". Ordet "særskrivingsfeil" er altså ei samanskriving av tre ledd og ei fuge: Sær + skriving + s + feil.
Oppgåve 3. Finn særskrivingsfeila
I teksten under er det åtte særskrivingsfeil. Klarer du å finne dei? Marker orda som skulle stått saman.
Oppgåve 4. Spel Alias
Del 1: Gjett ordet
Set dykk saman i par. No skal de spele Alias. Alias er eit spel der den eine skal prøve å forklare ordet, mens den andre skal gjette kva for eit ord det er. Den eine som skal forklare, kan sjå eller lese på kortet, mens den som tippar, ikkje skal sjå eller lese kortet.
Dette er reglane:
Når den eine forklarer ordet, skal hen bruke orda forledd og etterledd. Eit døme:
Du skal forklare ordet "kattemat". Då kan du seie: "Forleddet er eit dyr. Det har fire bein og liker å få kos". Etterleddet er noko vi et.
Viktig regel: I Alias er det ikkje lov å seie ordet den andre skal tippe på. Viss du skal forklare ordet "mat", er det ikkje lov å seie "mate" eller "mat", til dømes.
Viss du synest det er vanskeleg å forklare, kan du få hjelp viss du trykker på i-knappen til høgre på kortet.
Del 2: Bruk orda
Hald fram i par. Hugsar de orda frå Alias-spelet? Skriv orda inn i historia under.