Det-setninger - Det i presenteringssetningar - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Det-setninger

Det i presenteringssetningar

Kvifor er det rettare å seie "Det står ei dame i døra" enn "Ei dame står i døra" på norsk? Her kan du lære meir om presenteringssetningar.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:


Subjekt
Subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Presenteringssetningar
Ei presenteringssetning er ei setning der ordet "det" blir brukt til å vise til ny informasjon. I setninga "Det sit ei jente i stolen" blir ordet "det" brukt til å "ei jente" som ny informasjon.
Formelt subjekt
Når ordet "det" blir brukt som subjekt i setninga, kallar vi det for formelt subjekt. Til dømes er "det" formelt i setninga "Det sit ei jente i stolen."
Eigentleg subjekt
Det eigentlege subjektet i setninga "Det sit ei jente i stolen" er "ei jente". Det er dette setningsleddet "det" viser til.

Dette er ein del av ein læringssti om det-setningar. Gå til fagartikkelen "Det-setningar" for å finne det første trinnet i stien.

Kva er presenteringssetningar?

Presenteringssetningar er setningar der "det" står på den plassen subjektet pleier å ha i setninga. Vi pleier å bruke presenteringssetningar når vi kjem med ny informasjon:

  • Det står ein mann utanfor døra.

  • Det kjem fire gjester på festen i kveld.

  • Det sit ein hund i vindauget.

I den første setninga er "ein mann" ny informasjon, i den andre "fire gjester" og i den siste "ein hund".

Kvifor presenteringssetningar?

Så er spørsmålet: Kvifor bruker vi presenteringssetningar på norsk? Kvifor seier vi ikkje:

  • Ein mann står utanfor døra.

  • Fire gjester kjem på festen i kveld.

  • Ein hund sit i vindauget.

Desse setningane er ikkje feil, men det er nok vanlegare å lage presenteringssetningar enn å setje subjektet først, slik det blir gjort her. Årsaka er at vi ikkje pleier å ha ny informasjon først i setningar på norsk.

Prøv å omsetje dei tre setningane over til førstespråket ditt. Er det vanleg å setje ny informasjon først? Samanlikn med norsk.

Formelt subjekt og eigentleg subjekt

På norsk pleier ikkje ny informasjon å stå som subjekt i setninga. I staden blir "det" brukt som subjekt. Når vi gjer dette, kallar vi "det" for formelt subjekt og den nye informasjonen for "eigentleg subjekt":

  • I setninga "Det kjem ei lita jente på besøk" er "Det" formelt subjekt og "ei lita jente" eigentleg subjekt.

  • I setninga "Det begynner ein ny gut i klassen" er "Det" formelt subjekt og "ein ny gut" eigentleg subjekt.

  • I setninga "Det er fire år til neste val" er "Det" formelt subjekt og "fire år til neste val" eigentleg subjekt.

Korleis vil du omsetje setningane på førstespråket ditt? Samanlikn med norsk.

Det viktigaste er at du ser på korleis ny informasjon blir presentert.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage presenteringssetningar.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Øv på presenteringssetningar

Presenteringssetningar med "det" er vanleg i norsk. Her skal du øve deg på slike det-setningar.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2024