Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Kjeldemateriale
Video

Det første språket – foredrag

Kvar kjem språk frå? Kor mange språk finst det i verda, og kor stort språk er eigentleg norsk? Dette er nokre av spørsmåla språkvitar Helene Uri svarer på i dette foredraget.

Lurt å få med seg før du les og lyttar til foredraget

Kontekst – norsk historie: Kva betyr det?

Mot slutten av foredraget seier Helene Uri dette:

Og så kjem det ustoppeleg nye ord inn i språket absolutt heile tida. Vi fekk "rosetog", til dømes, etter 22. juli, vi fekk "oskefast" etter vulkanutbrotet på Island, vi fekk "Kjos-fast" då Norwegian hadde litt problem her tidlegare i år.

Rosetog og 22. juli

22. juli 2011 var det eit terrorangrep i Noreg. Mange menneske blei drepne av ei bombe i Oslo, og ungdommar blei skotne på ei øy kalla Utøya. Etterpå gjekk folk i tog med roser for å vise sorg og støtte til dei drepne og familiane deira.

Oske-fast

Å vere oske-fast er eit uttrykk som viser til ei hending i 2010. Då sleppte ein vulkan på Island ut mykje oske, noko som gjorde at mange fly ikkje kunne gå. Derfor kunne mange ikkje reise heim frå der dei hadde reist til, og "sat fast" i Spania, Thailand og andre land på grunn av oska.

Kjos-fast

"Kjos-fast" betyr å sitje fast, ikkje komme seg nokon stad på grunn av forseinkingar hos flyselskapet Norwegian. Namnet kjem frå Bjørn Kjos, som var sjef for selskapet.

Det første språket

Sjå foredraget Det første språket (lengde 12:08) med Helene Uri.

Ordliste

Fortru
Å fortru seg til nokon betyr å fortelje noko som er hemmeleg til ein annan person. I foredraget: [...] ein venn som fortrur deg ei hemmelegheit.
Førestille seg
Å førestille seg betyr å sjå noko for seg. I foredraget: Det er veldig, veldig vanskeleg å førestille seg livet utan språk.
Gjette
Å gjette betyr å seie kva du trur er rett, utan å vere sikker. I foredraget: Det går an å gjette, og den som gjettar, kan ha like rett som ein språkforskar.
Praktisk
Praktisk betyr noko som er nyttig eller lett å bruke. Sjå døme under.
Upraktisk
Upraktisk er det motsette av praktisk. Det betyr at noko er lite nyttig og vanskeleg å bruke. I foredraget: [...] for sjølv om det kan vere praktisk å bruke hendene til å snakke med når ein skal vere stille, til dømes under jakt, så er det upraktisk viss ein skal bruke verktøy.
Klamre
Å klamre betyr å halde fast i noko veldig hardt. I foredraget: Menneskebabyar legg ein frå seg, dei klamrar seg ikkje til mammaen sin.
Signalisere
Å signalisere betyr å gi teikn eller vise noko med bevegelsar eller ord. I foredraget: [...] dei første orda var ord for å signalisere mellom mor og barn.
Fyr
Her: ein gut/mann. I foredraget: [...] ein fyr frå Trondheim.
Befinne seg (bokmål)
Å befinne seg betyr å vere. I foredraget: [...] dei er innanfor dei same landegrensene.
Riksgrense
Ei riksgrense er ei grense mellom to land. I foredraget: Og grunnen til at vi reknar norsk og svensk som to ulike språk og ikkje dialektar, er at vi har ei riksgrense mellom oss.
Hær og marine
Ein hær og ein marine er delar av militæret til eit land. I foredraget: [...]: eit språk er ein dialekt med hær og marine.
Atterhald
Atterhald betyr å vere usikker eller å seie at noko kanskje ikkje stemmer heilt. I foredraget: Med alle moglege atterhald [...].
Gjenlevande
Ein gjenlevande betyr ein person som framleis lever etter at andre har døydd. I foredraget: Den einaste gjenlevande talaren av mandan heiter Edwin.
Høgsterett
Høgsterett er den høgaste domstolen i eit land. I foredraget: Dette er ein yrkestittel for den dommaren som leier Høgsterett.
Pupill
Pupill er det svarte i midten av auget. I foredaget: Det er veldig mykje å seie om språk som eg ikkje har sagt. Kvar ord kjem frå, kvifor pupill heiter "pupill".

Les transkripsjonen av foredraget

Foredraget er omarbeidd språkleg av NDLA og godkjent av Helene Uri.

Det første språket

Livet ditt er fylt av språk. Det er språk, språk, språk rundt deg på alle kantar, frå du står opp om morgonen, til du legg deg om kvelden. Dine eigne tankar, nokon som seier at frukosten er klar, aviser, sms-ar, samtaler på bussen, songtekstar, læraren som forklarer noko, ei bok, ein episode av ein tv-serie, ein venn som deg ei , du som seier til vennen din at du har lyst på sjokolade. Det er veldig, veldig vanskeleg å livet utan språk.

Men korleis begynte det eigentleg? Kva var dei aller første orda som blei sagde? Var det kanskje "Mmm, åh!", fordi noko smakte godt? Eller fordi den som sa det, blei klappa på kinnet? Eller kanskje var det "Au!" som blei fordi ein fekk ein stein på foten? Eller kanskje var dei første orda ord som dyrelydar, som pip, pip eller grrr. Kanskje var det ord som kunne hjelpe menneska å til dømes jakt: "Du, der. Eg, her." Eller kanskje var det sånne ta-i-rop: "Kom igjen, kom igjen, kom igjen", fordi ein skulle løfte eit eller anna tungt.

Dette er det ingen som veit sikkert, men språkforskarar kan, ut frå kunnskapen dei har om mennesket, språket og hjernen, tenke seg kva dei første orda var. Det går an å , og den som gjettar, kan ha like rett som ein språkforskar.

Det er òg nokon som meiner at dei første orda faktisk var teikn, altså veldig enkle handteikn. Vi kan tenke oss at desse teikna etterlikna dyr, viste hale eller markerte øyre, og så brukte ein kanskje lyden for dyret saman med dette teiknet. Etter kvart slutta ein å bruke handteikna, for sjølv om det kan vere å bruke hendene til å snakke med når ein skal vere stille, til dømes under jakt, så er det viss ein skal bruke verktøy, eller når det er mørkt, då fungerer det ganske dårleg.

Og så er det nokon som trur at dei aller første orda kanskje var koseord som ei mor sa til barnet sitt. Apebarn kan klynge seg til mor si fordi apane har mykje pels, men det har jo ikkje vi menneske. Menneskebabyar legg ein frå seg, dei ikkje til mammaen sin. Då er det viktig at mammaen og babyen har kontakt heile tida, så ein kan førestille seg at dei første orda var ord for å mellom mor og barn. Men dette veit vi ikkje.

Mykje har skjedd sidan den gong, og no finst det mange språk i verda. Men kor mange finst det? Kva er det største språket, og kva er det aller minste? For å svare på kor mange språk som finst, er vi først nøydde til å seie litt om språk og dialekt.

Det er ganske vanskeleg å telje språk i verda. Ein av grunnane til det er at vi må halde orden på kva som er språk, og kva som er dialekt, og det høyrest kanskje ikkje så vanskeleg ut. Vi synest ikkje det er så vanskeleg å avgjere at og er to norske dialekter, mens norsk og svensk er to ulike språk. Men viss vi tenker oss om, så ser vi at det ikkje er språklege grunnar til at vi reknar desse to norske dialektene som nettopp det, og norsk og svensk som to ulike språk. Dette er fordi ein gut frå Stockholm og ei jente frå Oslo ikkje snakkar meir ulikt enn til dømes ein frå Trondheim og ei sørlandsk jente. Så grunnen til at vi kallar trøndersk og sørlandsk for dialektar og ikkje språk, er at dei innanfor dei same landegrensene. Og grunnen til at vi reknar norsk og svensk som to ulike språk og ikkje dialekter, er at vi har ei mellom oss. Viss vi ser for oss at vi hadde vore eit tvillingrike, Sve-Noreg, eller noko sånt, så hadde vi rekna med at guten frå Stockholm og jenta frå Oslo hadde vore talarar av to svenorske dialektar. Ein kjend språkforskar sa ein gong at "eit språk er ein dialekt med og ". Det seier ganske mykje. Så dette er litt vanskeleg.

Med alle moglege og nokså stor ueinigheit mellom dei som driv og tel språk, kan vi likevel seie at eit vanleg anslag på talet på språk i verda er cirka 7000. Og så kjem spørsmålet: Kva er det største språket? Kva for eit av desse 7000 språka har flest ? Dette kan vi søke på, og det har eg gjort. Då får vi ganske mange ulike svar, men dei aller fleste kjeldene er einige om at kinesisk, altså mandarinkinesisk, kjem høgt opp på den lista. På dei neste plassane kjem til dømes spansk, engelsk, hindi, arabisk, bengali, portugisisk og russisk. Tysk, fransk, italiensk og persisk er òg døme på store språk, men dei er ikkje inne på den ti på topp-lista.

Kva er så det minste språket i verda? Og kor lite er eit lite språk? Det er ikkje vanskeleg å finne språk som har éin talar, eller i alle fall berre ei talarar. Eit av desse språka er mandan, som er eit språk som blir snakka i Nord-Amerika. Den einaste gjenlevande talaren av mandan heiter Edwin, han er fødd i 1931, og når han døyr, døyr òg språket mandan.

Det fører oss inn på neste tema, nemleg språkdød, at den siste morsmålstalaren døyr. Dette skjer oftare enn vi skulle tru. Vi reknar med at det døyr omtrent eit språk i veka, det vil seie at 50 språk berre forsvinn frå jordoverflata kvart år. Dette er trist, på same måte som når ein dyreart eller planteart forsvinn, så blir mangfaldet i verda litt mindre for kvart språk som døyr.

Kva så med norsk? Kvar er vi på denne lista der vi kan førestille oss mandarinkinesisk øvst som det største språket, og så mandan, med den eine talaren, heilt nedst. Kvar er vi? Vi har jo høyrt mange, mange gonger at vi er eit veldig lite språk. Og det er vi samanlikna med desse som mandarin og engelsk og spansk. Men likevel er vi, med dei fem millionane talarane våre, eit stort språk. Vi er faktisk eit kjempestort språk. Vi er ikkje heilt inne på dei hundre største-lista, det er til dømes nabospråket vårt svensk, men vi er ikkje langt unna heller. Som de skjønner, betyr dette at det finst veldig mange veldig små språk i verda. På den måten er vi høgt oppe på denne lista.

Vi høyrer av og til at norsk kan døy ut, men det er ingen fare for det. Og vi er jo òg eit skriftspråk, i motsetning til dei aller fleste språka i verda. Men kva som skjer i ei fjern framtid, det veit ikkje eg. Det kan hende vi då kjem til å snakke engelsk her, men det er i alle fall ingen fare for det.

Så skal eg seie litt om ord. Språk består av ord. Eg skal seie noko om det lengste ordet i norsk og noko om det kortaste ordet, og kanskje noko om det nyaste ordet. Det lengste ordet i norsk, viss ein spør vaksne om det, pleier dei å svare at er "høgsterettsjustitiarius". Og det er jo eit veldig langt og fint ord. Dette er ein yrkestittel for den dommaren som leier . Eigentleg heiter det ikkje det lengre, det heiter noko anna, så det er ei litt . Men det finst mange fleire og lengre ord enn det, fordi norsk er eit språk som er på den måten at vi kan setje saman ord og lage veldig lange ord. Vi har kake, og så har vi sjokoladekake. Så har vi karamellsjokoladekake, og så har vi karamellsjokoladekakefat, og så har vi karamellsjokoladekake. Og viss det er eg som eig dette fatet, så kan ein seie at eg er karamellsjokoladekakestettefateigaren. Vi kan heile tida putte ord på ord og lage veldig lange ord.

Eg søkte på nettet etter det lengste ordet i norsk, og då fekk eg "minoritetsladningsberardiffusjonskoeffisientmålingsapparatur". Eg aner ikkje kva dette er, det er mogleg veit det. Men dette matchar eg med ein gong, for viss det finst eit som vi kan putte dette i, så har vi straks minoritetsladningsberardiffusjonskoeffisientmålingsapparaturetui, ikkje sant? Så vi kan heile tida bygge på ord.

Og kor mange ord finst det i norsk? Svaret på dette er at det finst uendeleg mange ord. Eg skal peike på eit problem med å telje ord, nemleg tal. Ord for tal, talord. Då skjønner vi alle saman at det finst uendeleg mange talord. Og så kjem det ustoppeleg nye ord inn i språket absolutt heile tida. Vi fekk "rosetog", til dømes, etter 22. juli, vi fekk "oskefast" etter vulkanutbrotet på Island, vi fekk "Kjos-fast" då Norwegian hadde litt problem her tidlegare i år. Og vi kan lage eit heilt nytt ord no: "barnebokfestivalminispråkforedrag". Så det kjem heile tida inn nye ord.

Det er veldig mykje å seie om språk som eg ikkje har sagt: kvar ord kjem frå, kvifor heiter "pupill", kvifor vi låner ord frå andre språk. Eg har ikkje sagt nokon ting om grammatikk, eg har ikkje sagt nokon ting om , eg har ikkje fått lov til å forklare kvifor vi skriv kvit med "hv", eg har ikkje sagt noko om språk som er i slekt, eg har ikkje sagt noko om korleis barn lærer språk, eg har ikkje sagt noko om banning i ulike språk, eller korleis gutar og jenter snakkar ulikt. Men dette kan vi altså lese om i . Det var reklamen.

Og så skal eg til slutt seie at vi menneske, vi er språk. Og det å lære meir om språk, det er å lære meir om det å vere menneske.

Tekst: Helene Uri / Avgrensa gjenbruk

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 07.02.2025