Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Argumenter for miljøet

Korleis tek vi menneske vare på natur og miljø? I denne oppgåva skal de reflektere over kva vi alle kan bidra med. De skal òg diskutere og halde ein appell.

Del 1: Diskuter bileta

I par eller grupper:

  • Beskriv først kva de ser på bileta.

  • Har de sett noko som liknar i verkelegheita?

  • På kva måte viser bileta at menneske påverkar natur og miljø?

  • Kva tenker de om måten menneske behandlar naturen og miljøet på?

Del 2: Jobb med ord og uttrykk

Orda under vil du møte når du skal lære om natur og miljø.

  1. Slå opp orda i ei ordbok, til dømes LEXIN og ordbøkene, og oversett orda til det språket du kan best.

    • Tips! Nokre ord og frasar har fleire ord i seg. Viss du ikkje finn dei i ordboka, kan du slå opp kvart ord for seg. Du kan òg sjå om du finn dei i eit leksikon på nett, som Vesle norske leksikon.

  2. Vel deg fem av orda og uttrykka du synest er spesielt vanskelege og diskuter dei med ein annan elev. Bruk orda i ei setning.

Substantiv

  1. avfall

  2. berekraft

  3. ein miljøorganisasjon

  4. ein plastpose

  5. ei søppelbøtte

  6. energisparing

  7. eit handlenett

  8. flaum

  9. FNs berekraftsmål

  10. fornybar energi

  11. fossilt brensel

  12. gjenbruksbutikk

  13. glas/metall-avfall

  14. global oppvarming

  15. grøn energi

  16. klimaendringar

  17. klimagassar

  18. kollektivtransport

  19. matavfall

  20. matsvinn

  21. naturkatastrofar

  22. oljeindustri

  23. plastavfall

  24. restemat

  25. skogbrannar

Uttrykk med verb

  1. å bruke handlenett

  2. å gjenbruke

  3. å kjeldesortere

  4. å kjøpe brukt

  5. å redusere

  6. å resirkulere

  7. å skru av vatnet

  8. å slå av lyset

  9. å ete restemat

  10. å sykle til skule eller jobb

  11. å ta buss til skule eller jobb

  12. å ta grøne val

  13. å ta miljøvennlege val

Del 3: Mine miljøvennlege val

I små grupper:

  1. Fortel kva du gjer i kvardagen for å ta vare på naturen og miljøet rundt deg. Bruk ord frå lista over.

  2. Lag eit felles tankekart i gruppa der de skriv ned stikkord.

Del 4: Sjå ein tv-episode

Til læraren

Vurder om du skal vise heile episoden. Det er uansett eit godt tips å stanse undervegs for å snakke om det de har sett.

Ordforklaringar til filmen

tomgang
når bilmotoren er på når bilen står stilt (gjeld bilar som går på bensin og diesel)
shoppe
handle
med handa på hjartet
idiom som betyr at du er heilt ærleg
livsstil
måten vi lever liva våre på
grøn
her: å vere miljøvennleg
kollektiv
her: når fleire som ikkje er i slekt, bur saman. Ofte er det studentar.
måleining
noko vi måler og veg i. Kilo og meter er to ulike måleiningar.
veganar
person som berre et mat som er frå plantar
skyhøgt
veldig høgt
relativt
sett i forhold til noko anna
flekke opp
å opne noko veldig raskt og uforsiktig
floke
noko som er vanskeleg å løyse opp
straumforbruk
det du bruker i straum
mellommåltid
små måltid mellom dei store måltida frukost, lunsj og middag
transportsektoren
alle som jobbar med transport
ta eit stort skritt
å forandre seg mykje
køyre kollektivt
ta buss eller tog
snikskryt
når du seier noko som ikkje er direkte skryt, men som kan oppfattast som det
MDG
forkorting for Miljøpartiet Dei Grøne – eit politisk parti som er særleg oppteke av miljøpolitikk
tang
plantar som veks i sjøvatn, ein algetype
algar
ei gruppe veldig små plantar som veks der det er fuktig
separat
noko som står for seg sjølve, er skilt frå noko anna
å pushe grenser
slang for å flytte på grenser, som betyr at du utfordrar deg sjølv og gjer nye ting
dumpster diver
engelsk uttrykk som blir brukt om dei som reddar mat som er kasta i søppelkassane til butikkane (på norsk: søppeldykkar)
panikk
når du plutseleg blir veldig redd
fordom
det du tenker om noko før du veit så mykje om det, ein dom du har på førehand
mental terskel
det du tenker som hindrar deg i å gjere noko

Sjå episode 1 frå NRK-serien Live redder verden. Litt. (lengde 28:50).

Diskuter i grupper:

  1. Kva handlar episoden om?

  2. Kva gjer Live Nelvik for å leve meir miljøvennleg?

  3. Ville de gjort det same som Live prøver ut? Grunngi svaret!

  4. Kva for andre råd vil de gi til Live Nelvik, slik at ho kan leve endå meir miljøvennleg?

Del 5: Øv på å argumentere for ei sak

Set opp ei liste med argument til spørsmåla under. De kan bruke lærebøker eller nettressursar frå NDLA for å finne faktainformasjon. Bruk setningsstartarar viss de vil.

  1. Kvifor er det viktig å kjeldesortere/resirkulere?

    • Det er viktig å kjeldesortere heime fordi …

    • Også på arbeidsplassen/skulen må vi kjeldesortere sidan …

    • Å resirkulere er fornuftig fordi …

  2. Kva kan folk gjere for å bli flinkare til å kaste mindre mat, og kvifor er dette viktig?

    • For det første kan fleire kaste mindre mat viss dei …

    • Folk må bli flinkare til å kaste mindre mat fordi …

  3. Kvifor bør fleire velje å gå/sykle eller ta kollektivtransport framfor å køyre bil?

    • Fleire bør gå eller sykle til skulen/arbeidsplassen fordi …

  4. Kvifor er det ofte smart å kjøpe brukt framfor nytt?

    • Det er smart å kjøpe brukte klede/møbel sidan …

    • I tillegg er det lurt å velje brukt fordi …

  5. Kvifor er det å bruke handlenett som oftast betre enn å bruke plastposar når du skal handle på butikken?

    • Vi bør bruke handlenett på butikken i staden for plastposar fordi …

    • Det er fornuftig å bruke handlenett på grunn av …

Del 6: Sokratisk seminar

Til læraren

I artikkelen "Sokratisk seminar" blir det forklart kva metoden går ut på. Elevane skal diskutere etter tur. Dei sit i to sirklar – ein ytre og ein indre. Dei som er i den indre sirkelen, snakkar om temaet. Dei i den ytre lyttar. Etter ei viss tid, til dømes 10 minutt, kan elevane i den ytre sirkelen sleppe til og seie noko om kva dei har fått ut av å lytte.

Det er òg mogleg å berre ha éin ring. Vurder kva som passar best i elevgruppa di.

No skal de diskutere nokre situasjonar som handlar om berekraft. Start med å lese gjennom punkta under og skriv ned stikkord for deg sjølv.

Så skal de diskutere kva de meiner er den beste løysinga i situasjonane. Læraren styrer samtalen:

  1. Du har ein god venn som du ofte besøker, og du har lagt merke til at hen ikkje er flink til å kjeldesortere/resirkulere verken heime eller på skulen. Kva kan det vere lurt å seie til vennen din, og kvifor?

  2. Ein familie du kjenner godt vel ofte å køyre bil til butikken, jobben og skulen, endå det er mogleg å gå, sykle eller ta buss. Kva for råd vil du gi dei, og kvifor?

  3. Ein familie du kjenner godt handlar ofte inn mykje mat, og dei kastar ein del av det. Kva kan du seie til dei, slik at dei unngår så mykje matsvinn?

  4. Du har lagt merke til at nokre av vennene dine kastar fine og brukbare klede framfor å gjenbruke dei. Kva kan du seie til dei, og kvifor?

Del 7: Lag ein appell

Vel ein av situasjonane i del 6 og lag ein appell. I appellen er formålet at du skal overtyde den som lyttar til deg.

To ulike måtar å appellere på

Tenk på dette: Skal patos eller logos dominere i appellen din? Det er lurt å bruke både patos og logos som appellform for å få fram hovudsynet ditt. Det vil styrke truverdet (etos).

Legg merke til forskjellane på dei to modelltekstane:

Modelltekst 1 – patosdominert appell

Førestill deg eit liv utan fuglesong om våren, utan lukta av blomstrar om sommaren, og utan eit rikt i skogen. Det er ikkje berre naturen som , men framtida til barna og barnebarna våre avheng av at vi tek vare på naturen rundt oss. Korleis kan vi sjå dei i auga og seie at vi prøvde å verne den verda dei skal vekse opp i, men at det dessverre ikkje gjekk som planlagt?

Vi har eit ansvar – ikkje berre for oss sjølve, men for alt i naturen som deler denne planeten med oss. Kvar einaste handling betyr noko, anten det er å søppel, bruken av plast eller sykle til jobben. La oss saman skape eit samfunn som tek vare på naturen vår. Det er ikkje for seint! Saman er kvar og ein av oss viktige for å verne miljøet.

Kjelde:

WWFs rapport om naturens tilstand: Living Planet Report. Henta 10. april 2025 frå living-planet-report

Modelltekst 2 – logosdominert appell

Visste de at ifølge FNs klimapanel, må vi for å unngå at klimaet forandrar seg ? Viss vi ikkje gjer det, vil nokre av vere at aukar, og vi får meir som , flaum, og tørke.

I tillegg viser forsking frå WWF Verdens naturfond at vi har mist omtrent 70 % av dyrelivet i verda sidan 1970-talet. Det at dyreliv forsvinn, påverkar naturen rundt oss, som er viktig for kvardagen vår. Til dømes er bier for omtrent 30 % av maten vi et. Utan bier kan vi få problem med å mat. Allereie er mangel på mat eit problem i fleire land. Kva vil barna våre ete i framtida viss vi og politikarane ikkje tek tak i klimaendringane no?

Kjelder:

Bier. I WWFs naturleksikon. Henta 10. april 2025 frå https://www.wwf.no/dyreleksikon/bier

FNs klimarapport på 10 minutter. Henta 10. april 2025 frå https://naturvernforbundet.no/klima/global-oppvarming/dette-sier-fns-klimapanel/

Klimaendringer. Henta 10. april 2025 frå https://www.wwf.no/klima-og-energi/klimaendringer

WWFs rapport om naturens tilstand: Living Planet Report. Henta 10. april 2025 frå https://www.wwf.no/dyr-og-natur/truede-arter/living-planet-report

Skrive av Jeanette Vik Selven.
Sist oppdatert 04.08.2025