The Wall – ein film om kommunikasjon - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

The Wall – ein film om kommunikasjon

Sjå kortfilmen The Wall. Manus og regi: Lars Klevberg. Det tek 14 minutt å sjå filmen.

Oppgåve

  1. Lag ei skildring av miljøet der handlinga går føre seg.
  2. Korleis er stemninga i filmen?
  3. Kva er det ved filmen som får deg til å oppleve stemninga akkurat slik?
  4. Minner miljøet og stemninga i denne filmen deg om noko du ser i nyheitsbiletet akkurat no?
  5. Dette er ein film heilt utan munnleg dialog. Korleis går kommunikasjonen i filmen føre seg?
  6. Kva skjer når guten kastar den første flaska over muren?
  7. Kvifor deler guten brødet opp i mange små bitar?
  8. Kva skjer på slutten av filmen?
  9. Kva handlar denne filmen eigentleg om?

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2018