Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Thank You For The Rain

Dokumentarfilmen Thank You For The Rain følgjer den kenyanske småbonden Kisilu Musya og familien hans over fleire år.

Om filmen

Filmskapar Julia Dahr oss med til den kenyanske landsbygda. Gjennom livet til småbonden Kisilu Musya får vi eit unikt innblikk i korleis klimaendringane truar levebrødet til mange kenyanske bønder.

Det er tørke, og stadig fleire bønder søkjer til storbyane i håp om å finne arbeid der. Regnet kjem etter kvart. Saman med regnet kjem òg ein stor storm som øydelegg Kisilus hus.

Klimaaktivisten Kisilu

Etter stormen bestemmer Kisilu seg for å prøve å mobilisere dei andre bøndene. Han vil at dei skal ta klimaendringane på alvor og oppmodar dei til å byrje å plante tre. Dette blir starten på ei lokal klimarørsle.

Kisilus klimaengasjementet fører han ut på ei innholdsrik reise som tek han til Oslo og heilt til FNs klimaforhandlingar i Paris.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.11.2020