Hopp til innhald
Nynorsk
Kjeldemateriale
Dokumentarfilm
Video

2040

2040 er ein dokumentar av og med Damon Gameau. Tittelen er eit frampeik til året då dottera hans, Velvet, vil fylle 21 år. Filmen er eit visuelt brev frå far til dotter, der han beskriv korleis framtida ser ut for henne dersom vi tek i bruk dei beste klimaløysingane vi kjenner til i dag.

Om filmen

I eit framtidig samfunn, i året 2040, kan vi ha funne løysingar på nokre av dei store klimautfordringane i verda. Det blir drive regenerativt jordbruk, og det blir dyrka tang og tare som blir brukt til karbonfangst. Sjølvkøyrande bilar blir brukte til samkøyring for å avgrense utslepp, og det blir sett inn tiltak for å spore og spare energibruk i lokalsamfunn. Filmen set òg fokus på sosiale tiltak, som utdanning av jenter, og kva det kan ha å seie for berekraft.

Alle desse tiltaka føreset at vi startar omgåande, for å betre situasjonen innan 2040. Filmskaparen stiller dette spørsmålet: Kan innsatsen vi legg ned for miljøet i dag, gi dottera Velvet ei betre framtid?

Tematikken i filmen

Dokumentaren 2040 handlar om berekraft som vårt felles prosjektet. Men i staden for å rette kraftig kritikk mot systema som ikkje fungerer optimalt i dag, set han fokuset på alle dei potensielle løysingane. Då filmskaparen valde kva som skulle løftast fram i filmen, avgrensa han seg til løysingar som allereie er tilgjengelege, eller har eit realistisk potensial til å kunne reversere klimaendringar innan 2040.

Tema som blir tekne opp, er mellom anna fornybar energi, berekraftig jordbruk, marine permakulturar og sosial innsats for å styrke kvinnenes stilling i samfunnet.

Korleis filmen eignar seg i skulen

Filmen eignar seg svært godt innan det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling. Den stiller gode og vanskelege spørsmål om måten vi lever på i dag, og korleis vi kan unngå at økosystema våre kollapsar. Det handlar om klima og miljø, men òg om framtidshåp og dialog på tvers av generasjonar.

I den overordna læreplanen fell temaet innunder klima og miljø, og då med spesielt fokus på forbruk, forureining, forvaltning og fordeling av naturressursar.

Skrive av Tonje Holtan Tellefsen. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 26.08.2025