Forsøk: Kva gjer at noko rustar?
Hensikt
Diskuter kva som påverkar om noko rustar eller ikkje. Legg ein plan for korleis de kan undersøkje dette.
Innleiing
Ungdommane på figuren diskuterer kva som gjer at ein spikar kan ruste.
Del 1: Diskuter rusting
Les teksten i snakkeboblene.
Tenk for deg sjølv
Kva påstand meiner du er mest riktig?
Har du noko erfaring med rusting frå før?
Er det noko av det som blir sagt som ikkje stemmer?
Del med ein annan
Fortel kvarandre kva de har funne ut.
Er det noko de er einige i?
Er det noko de er ueinige i?
Diskuter i klassen
Kva for andre faktorar kan påverke rusting?
Korleis kan vi lage eit forsøk som simulerer rusting ?
Del 2: Undersøk rusting
- Sjå filmen (lengde 0:40) under. Kva faktorar påverkar at noko rustar?
- Lag hypotesar/problemstillingar om rusting som de undersøkjer.
- Gjennomfør forsøka.
- Dokumenter det de gjer med bilete eller film (til dømes timelapse).
- Presenter resultat med bilete eller film. Lag ei oppsummering der de har med kva faktorar som påverkar rust.
Tenk gjennom
Det kan vere fleire faktorar som påverkar rusting. Kva er viktig å passe på når de skal planleggje eit forsøk for å finne desse faktorane?
Relatert innhald
Når rustar jern? Prøv med like eller ulike metall, og ta bilete eller film i prosessen. Kva skjer?
Rusting er ein spontan prosess, men han skjer ikkje alltid så raskt. I dette forsøket legg du forholda til rette for at rustinga kan skje på ein blunk.