Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Trådlaus kommunikasjon med radiosignal

Vi ser stadig sjeldnare at digitale komponentar må koplast saman med leidningar. Den trådlause revolusjonen starta på 1990-talet, men hadde sin spede start med utforsking av radiosignal hundre år tidlegare.
Film om radiosignal. Video: Leidar / CC BY-ND 4.0

Radiosignal – frå teori til vår viktigaste form for kommunikasjon

Dei fleste av oss har mobiltelefonen med overalt der vi går. Mykje av kvardagen avheng av at han har nok straum, at han er kopla til nettet, og at appane fungerer. Med mobiltelefonen kommuniserer vi trådlaust med betalingsterminalar, billettsystem, tv-en, øyreproppar, bilen, belysninga heime, venner og mykje meir. Å komme dit vi er i dag, har teke over 100 år, og det heile starta med ein teori om radiosignal.

Radiobølger vart først beskrivne teoretisk av fysikaren James Clerk Maxwell rundt år 1870. Han meinte radiobølger ikkje kom til å ha nokon praktisk nytte. Nokre år seinare laga fysikaren Heinrich Hertz ein radiosendar og -mottakar som kunne bevise at radiobølgene eksisterte. Det fungerte berre med kort avstand mellom sendar og mottakar.

Det var Guglielmo Marconi som først klarte å sende radiosignal over lange avstandar. I desember 1901 sende han, ved hjelp av telegraf, dei første radiosignala over Atlanterhavet. Då Titanic gjekk ned i 1912, vart over 700 menneske redda takka vere Marconis telegrafsystem, som var installert i skipet.

Radiobølger – elektromagnetisk stråling

Radiobølger er elektromagnetisk stråling. Med ein sendar og ein mottakar kan ein kommunisere trådlaust over store avstandar. Stjerner som er fleire hundre millionar lysår unna, sender ut radiobølger vi kan fange opp her på jorda. Når du får ein ny mobiltelefon, kan du legge den gamle oppå den nye, så blir data overførte trådlaust ved hjelp av radiobølger.

Bølgelengde og frekvens bestemmer rekkevidda

Radiobølger har bølgelengder mellom 1 mm og 100 km. Når vi tidlegare stilte inn radioapparatet på ein bestemt kanal, var det frekvensen vi søkte etter. Bølgelengde og frekvens for elektromagnetisk stråling er omvendt proporsjonale. Frekvens fortel kor raskt ei bølgje forplantar seg. Når frekvensen aukar, blir bølgelengda kortare.

bølgelengde (λ)=lyshastigheit (c)frekvens (f)

Lyshastigheita er 300 000 kms

Radiobølger er ufarleg elektromagnetisk stråling

Elektromagnetisk stråling oppstår i mellom anna lyspærer, mobiltelefonar, wifi og mikrobølgeomnar. Denne strålinga blir rekna som ufarleg, sidan ho ikkje har nok energi til å gjere skade på cellene i kroppen. Nokre fryktar det nye 5G-nettet, men feltet frå dette nettet er svakare enn det som oppstår i lyspærer, og dei færraste av oss mistenker lyspærer for å forårsake helseproblem. Det du heller bør vere på vakt for, er at uvedkomande klarer å fange opp dei radiosignala du sender, eller at du kanskje får uønskt informasjon i form av radiobølger.

Skrive av Nina Mari Wagner.
Sist oppdatert 06.08.2020