Ulike frekvensar til ulik bruk

Frekvensar
Det er avgrensa kor mange frekvensar vi kan bruke til radiobølger samtidig. Derfor blir bruken strengt regulert. Dersom du vil starte ein lokalradio, treng du både konsesjon frå Medietilsynet og frekvensløyve frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Ulike etatar og tenester har fått tildelt eigne frekvensar:
Nødetatar som politi og brannvesen har eigne, skjerma frekvensar.
Flytrafikk og kystradio bruker eigne faste frekvensband.
Teleselskap kjøper konsesjonar på frekvensar som er sette av til mobiltrafikk.
Tenk gjennom!
Kva trur du ville skjedd dersom alle kunne sende radiosignal på akkurat dei frekvensane dei sjølv ønskte?
Avstanden avgjer kva frekvens vi bruker
Radiobølger har bølgelengder frå 1 mm til 100 km. Bølgelengda heng saman med frekvensen: Jo høgare frekvensen er, desto kortare er bølgelengda.
Moderne teknologi bruker i stadig større grad radiobølger med høg frekvens og kort bølgelengde. Desse kan overføre store mengder data raskt, men signala når ikkje like langt og blir lettare hindra av bygningar og andre gjenstandar. Derfor må avstanden mellom sendar og mottakar vere kort.
Når kommunikasjonen skal nå over lengre avstandar, må frekvensen vere lågare og bølgelengda lengre. Slike signal kan spreie seg over større avstandar, men dei kan ikkje overføre like mykje data.
Hugs!
Høg frekvens og kort bølgelengde kan overføre mykje data raskt, men over korte avstandar, til dømes via wifi og 5G.
Låg frekvens og lang bølgelengde kan overføre mindre data, men over lange avstandar, til dømes via skipsradio og vanleg radio.

Tenk gjennom!
Vil du bruke korte eller lange bølgelengder når du sender signal i desse situasjonane?
Du er i ein ubåt som ligg djupt under vatn og skal få eit kort signal frå land.
Du skal styre ein drone som flyg på den andre sida av ein skog.
Du skal sende video i høg oppløysing frå ein mobil til ein mottakar som står 100 meter unna.
Du skal sende ei tekstmelding til ein romsonde ved Mars.
Slik fungerer ein samtale med mobiltelefonen
For at du skal kunne ringe eller surfe med mobiltelefonen, må du vere så nær ein basestasjon at telefonen din kan få signal frå han. Du må med andre ord ha dekning. Basestasjonane er kopla opp mot kontrollarar (hub/svitsj), som igjen er kopla opp mot serverar som utgjer sjølve mobilnettverket.
Mobiltelefonen din fungerer både som radiosendar og radiomottakar. Når du ringer nokon, skjer dette:
Lydbølgene frå stemma di blir gjorde om til elektriske signal som blir behandla og gjorde om til datapakkar.
Telefonen din sender datapakkane ut som radiobølger til nærmaste basestasjon.
Signalet reiser vidare gjennom mobilnettverket og ulike serverar til basestasjonen som er nærmast den du snakkar med.
Den siste basestasjonen gjer signalet om til eit radiosignal som blir sendt til mobiltelefonen til mottakaren.
Ein samtale med naboen kan dermed ha reist mange mil gjennom nettverket før han når fram til den andre sida av veggen!