Stamceller

Kva er stamceller?
Kvart sekund døyr fleire tusen celler i kroppen, men i ein frisk kropp blir dei straks erstatta med nye celler. Det er stamcellene som produserer alle dei nye spesialiserte kroppscellene, til dømes muskel-, blod-, hud-, tarm- og nerveceller. Stamcellene blir òg omtalte som umodne celler, sidan dei ikkje er spesialiserte.
Totipotente stamceller

Frå eit egg blir befrukta, og gjennom dei første celledelingane (8–16 celler) er cellene totipotente. Dei kan gi opphav til alle typar celler og til eit helt individ dersom vi plasserer dei i ei livmor. Etter omtrent fire dagar begynner cellene å spesialisere seg.
Pluripotente stamceller
Når cellene i embryoet deler seg vidare, mister dei evna til å danne morkake. Men dei kan framleis danne alle andre typar celler og blir derfor kalla pluripotente.
Det er lett å dyrke pluripotente stamceller, og dei kan lett stimulerast til å danne ulike celletypar. Dette gir gode moglegheiter i forsking, men er etisk omstridt fordi ein bruker embryo.
Multipotente stamceller
Etter kvart som delinga held fram, blir cellene meir spesialiserte, og dei blir til multipotente stamceller. Det er slike stamceller fødde menneske har i alle organ. Vi har forholdsvis få stamceller, men det er desse som sørgjer for å fornye oss heile tida.
Ein navlestreng inneheld ein høg konsentrasjon av multipotente stamceller frå fosteret. Sidan desse cellene er unge, antek ein at dei vil dele seg fleire gonger og leve lenger enn stamceller frå vaksne.
I tillegg til å lage nye celler kan stamcellene òg kopiere seg sjølv og danne nye identiske stamceller. Dei ser ut til å ha «evig liv».
Unipotente stamceller
Unipotente stamceller kan berre danne éin type celler. Dei finst i alle typar vev i kroppen, men kan berre danne dei same cellene som vevet dei finst i. Til dømes kan stamceller i musklane berre gi opphav til nye muskelceller.

Pluripotente stamceller fra kroppsceller
Omprogrammering av kroppsceller til pluripotente stamceller skjer ved at ein slår av og på gen, slik at cellene oppfører seg som om dei var på blastocyststadiet. Dette kallar vi induserte pluripotente stamceller (iPSC).

iPSC gir fleire fordelar: Ein unngår å bruke etisk omstridde kjelder, har rikeleg tilgang på celler og unngår avstøyting når ein bruker pasienten sine eigne celler.
Celler frå pasientar med ulike sjukdommar blir omprogrammerte til stamceller og brukte til å dyrke miniorgan, til å forske på sjukdommar og til å teste medikament og behandlingsmetodar.
Denne forskinga kan gi oss trygge metodar til å reparere skada og sjukt vev hos mange pasientar. Det er hittil gjort fleire vellykka forsøk med behandling.
Medisinsk bruk
I kvart einaste organ i kroppen har vi stamceller som sørgjer for at det stadig blir laga nye celler som erstattar slitne og gamle celler. Forskarar jobbar med stamceller i håp om å kunne bruke dei til å reparere skadar og stoppe sjukdommar i hjerne, hjarte og andre organ, mellom anna Parkinsons sjukdom, Alzheimers sjukdom, hjarteinfarkt, slag, diabetes og revmatisme.
Stamcellebehandling (beinmergstransplantasjon) ein viktig del av behandlinga ved fleire kreftformer, medfødd immunsvikt og enkelte andre sjukdommar. Ein har òg klart å produsere ny hud til transplantasjon ved å bruke stamceller frå pasienten. Stamcelleforskarar jobbar mellom anna med metodar for å «dyrke» og erstatte skada vev, og kanskje byggje opp nye organ.
Stamceller – nye moglegheiter

Det skjer mykje nytt som gir håp om trygge behandlingsmetodar:
- Det blir dyrka miniorgan for å studere sjukdommar og teste ut medisinar.
- Nye behandlingsformer mot sjukdommar som kreft og nervesjukdommane ALS og MS blir testa på omprogrammerte celler.
- Organ blir framstilte ved hjelp av 3D-skrivarar.
- Kroppsceller blir gjorde om til stamceller (iPSC)
- Ein kan gjere terapeutisk kloning ved å dyrke vev av pasienten sine eigne stamceller (iPSC).
- Ein kan lage egg- og sædceller i laboratoriet.
- Det går an å opprette ein stamcellebank med kjende vevstypar for å unngå avstøyting hos mottakaren ved transplantasjon.
Relatert innhald
Nettside hos med.uio.no
Nettside hos lovdata.no