Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Simulering av lys, fargar og fargesyn

Menneske oppfattar berre ein liten del av det elektromagnetiske spekteret, det vi vanlegvis kallar lys. Lyset kan vere kvitt eller ha ulike fargar. I denne simuleringa skal du eksperimentere med ulike lyskjelder og fargefilter for å undersøke korleis vi oppfattar lys.

Før du gjer simuleringa: Sjekk kva du kan!

Før du gjer simuleringa, kan du teste kva du allereie veit om lys, fargar og fargesyn. Spørsmåla hjelper deg med å aktivere forkunnskapane dine.

Gjer simuleringa

Utforsk korleis ulike lyskjelder og fargefilter påverkar det vi ser. Prøv deg fram, observer resultata og undersøk samanhengen mellom lys og fargar.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Kva har du lært?

Etter å ha eksperimentert med simuleringa kan du svare på spørsmåla under for å sjekke kva du har lært.

  1. Kva består kvitt lys av?
  2. Korleis fungerer eit fargefilter?
  3. Kva er samanhengen mellom fargesynet til menneske og RGB (raudt, grønt og blått)?

Relatert innhald

Skrive av Einar Berg og PhET.
Sist oppdatert 25.09.2026