Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Halveringstid

Radioaktive kjernar er ustabile og blir omdanna over tid. Men kor raskt skjer det? Halveringstida er eit mål på kor lang tid det tek før halvparten av atomkjernane i ein radioaktiv isotop er omdanna.

Halveringstid

For ein gitt atomkjerne er det alltid eit fast sannsyn for at ei radioaktiv omdanning vil skje. Dette betyr at vi aldri kan føreseie når ein reaksjon vil skje for kvar enkelt atomkjerne. Men dersom vi har mange atomkjernar, veit vi at ein fast prosent av dei kjem til å bli omdanna. Dette er grunnen til at vi snakkar om halveringstida for radioaktive stoff, tida det tek før halvparten av atomkjernane er omdanna.

Halveringstida til ein bestemd atomkjerne er alltid den same, og vi kan ikkje påverke ho. Ho kan variere frå mindre enn ein milliarddels sekund til mange gonger alderen på universet!

Halveringstider for nokre isotopar

Namn

Halveringstid

Bruk

karbon-145730 åraldersfastsetjing av organisk materiale
seaborgium-2600,004 sekundinnan forsking
uran-2384,5 milliardar åraldersfastsetjing av bergartar
jod-1318 dagarmedisin
kobolt-605,3 årkreftbehandling og undersøking av sveiseskøytar

Vi bruker ofte symbolet   T12   om halveringstid. Viss vi har ei tilfeldig tid t, finn vi talet på halveringar ved å dele på halveringstida:  tT12  

Døme

Viss den tilfeldige tida er t=10 år, og halveringstida er T12=2,5 år, får vi 102,5= 4. Det betyr at stoffet har gått gjennom fire halveringar. Då vil talet på atomkjernar som ikkje er omdanna (N), vere N=N0·0,54=N0·0,0625, der N0 er talet på atomkjernar vi starta med. Generelt kan vi bruke formelen N=N0·(0,5)tT12.

Visste du at ...

Omgrepet halveringstid òg blir brukt innan medisin? Alle legemiddel har ei gitt halveringstid, og ho gir informasjon kor lang tid det tek før halvparten av verkestoffet i legemiddelet er ute av kroppen. Adrenalin har ei halveringstid på to–tre minutt, mens det tek cirka to timar før mengda ibuprofen har blitt halvert

Karbon-14-metoden (C14-metoden)

Karbon-14-metoden blir brukt for å bestemme alderen på organisk materiale, altså noko som har vore levande. Gjennom fotosyntesen tek plantane opp CO2, og liten del av dette karbonet er den radioaktive isotopen karbon-14. Når ein plante eller eit dyr døyr, får vi ikkje lenger påfyll av karbon-14. Sidan isotopen er ustabil, vil han gradvis brytast ned ved å sende ut stråling.

Viss vi finn dødt organisk materiale, til dømes knoklar frå eit menneske, kan vi måle kor mykje karbon-14 som er igjen i knoklane, og bestemme alderen ut frå dette. Halveringstida til karbon-14 er 5 730 år. Viss vi finn ein knokkel med berre halvparten så mykje karbon-14 igjen som då organismen levde, betyr det at det har gått ei halveringstid. Knoklane må i så fall vere omtrent 5 730 år gamle.

Film om halveringstid (4:53)

Denne filmen tek for seg omgrepet halveringstid og bakgrunnen for aldersbestemming ved hjelp av karbon-14-metoden.

Video: FuseSchool / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Kjelder

Hofstad, K. (2025, 3. april). Halveringstid. I Store norske leksikon. https://snl.no/halveringstid

Reiter, L. (2024, 26. november). Halveringstid (farmasi). I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/halveringstid_-_farmasi

Vitenskapsmuseet. (u.å.). Karbondatering. NTNU. Henta 30. september 2025 frå https://www.ntnu.no/museum/karbondatering

Skrive av Astrid Johansen og Thomas Bedin.
Sist oppdatert 24.10.2025