Nye artar blir utvikla - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Nye artar blir utvikla

Viss ein populasjon blir splitta og grupper blir isolerte, slik at dei ikkje kan utveksle gen med andre artsfrendar, kan dei over lang tid utvikle og endre fleire trekk. Slik kan nye artar oppstå. I denne oppgåva skal du leite etter likskapar mellom pungdyr og morkakedyr. Begge er pattedyr.

Ein art

Ein art er den grunnleggande eininga i biologisk systematikk. Vi kan definere ein art på fleire måtar, men to individ er av same art viss dei kan få avkom (barn) saman.

Avgrensa genetisk variasjon

Viss ein blir fåtalig og er på grensa til å bli utrydda, er det fare for at det genetiske mangfaldet blir redusert. Tilpassingsevna og fleksibiliteten til arten blir då redusert, og faren for innavl aukar. Det same kan gjelde små og isolerte populasjonar som moskus og ulv i Noreg.

Utvandra individ/grupper med avgrensa genetisk variasjon som blir isolerte, kan òg gi opphav til populasjonar med spesielle særtrekk og over tid gi opphav til nye artar, slik som pungdyrdøma nedanfor.

Mennesket har forholdsvis liten variasjon i samanlikna med alle menneskeapene. Dette er interessant i samband med forsking, men har inga praktisk betydning for menneska.

Pungdyr – historikk

Pungdyr (Marsupialia) er ei gruppe pattedyr som ikkje har morkake. Ungane blir fødde på eit tidleg stadium og blir utvikla vidare i ein pung, der dei syg seg fast til ei patte. Dei skilde seg antakeleg frå pattedyra allereie for 180 millionar år sidan. Det skjedde sannsynlegvis i Asia før dei spreidde seg til alle kontinent som hang saman i superkontinentet Pangea. Då kontinenta skilde lag, utvikla pungdyra seg i ulike retningar og nye artar oppstod. No finst det pungdyr berre i Australia og i Amerika.

Nye pungdyrarter – ei parallell utvikling

Australia har vore isolert frå resten av verda i meir enn 70 millionar år. Dei første pungdyra som kom til kontinentet, utvikla seg snart til å fylle alle tilgjengelege nisjar.

Dei har utvikla seg til ulike artar som maurslukarar (Myrmecobius), ulvar (tasmansk tiger), skogkattar (Dasyurus), flygande ekorn (Petaurus), murmeldyr (wombat), mus (Dasycercus) og muldvarp (Notoryctes).

Pungdyrartene i Australia har utvikla mange av dei same trekka og eigenskapane som pattedyra (morkakedyra) på andre kontinent. Dei har møtt mange av dei same miljøforholda som pattedyr elles i verda og har fått utsjånad og levemåtar som liknar. Denne parallelle prosessen blir gjerne kalla konvergens.

Oppgåve

Søk opp bilete av liknande artar av morkakedyr. Samanlikn bileta av pungdyr nedanfor med liknande morkakedyr (pattedyr på andre kontinent). Leit etter likskapar og ulikskapar.

  • Vel eit par artar og studer bygningstrekk som storleik, plassering av auge, pels, hale, øyre og så vidare.

  • Søk etter opplysningar om levesett, kva dei et, habitat, om dei lever i flokk, talet på ungar, yngelpleie og så vidare.

  • Finn du forskjellar mellom pungdyr og morkakedyr som går igjen hos fleire av artane du samanliknar?

Kjelder

Tunstad, E. (2009) Evolusjon: Fra slik en enkel opprinnelse forskning.no

Frafjord, K. (2019) Pungdyr Store norske leksikon

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle og Hilde Ervik.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2020