Naturleg utval - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Naturleg utval

Naturleg utval er den viktigaste mekanismen i evolusjonen. Det skjer så lenge det er overproduksjon av avkom, gen går i arv og det er genetisk variasjon i populasjonen. Populasjonen blir stadig betre tilpassa miljøet han lever i, når dei individa som er best tilpassa, fører gena sine vidare.

Naturleg utval

Evolusjon krev overproduksjon. Det vil seie at kvart individ produserer fleire avkom enn det som er nødvendig for å føre slekta vidare.

Nyfødde individ blir utsette for mange farar og utfordringar, men når det blir fødd fleire samtidig, vil sjansen for at nokon overlever, vere større.

Eigenskapane blir overførte frå foreldre til avkom, men søsken får ikkje identisk likt arvemateriale, med mindre dei er einegga fleirlingar. Det betyr at søskena vil få gen for eigenskapar som er gunstige i litt ulike miljø. Dette skaper ein plastisitet (tilpassingsevne) i populasjonen, som kan kome til nytte om miljøet skulle endre seg.

Dersom arvematerialet til ein art hadde vore uendra frå generasjon til generasjon, ville det ikkje skjedd evolusjon innanfor den populasjonen.

Sjølv om alle individa i ein populasjon ser like ut, har dei likevel små genetiske variasjonar. Det kjem mellom anna av overkryssingar når det blir danna kjønnsceller, og mutasjonar. Det gjer at det innanfor ein populasjon er eit mangfald av eigenskapar. Organismane blir forma av miljøet dei lever i. Det betyr at nokre organismar kan tilpasse seg lettare om det skjer ei endring i miljøet.

Konkurranse

Det er konkurranse mellom individa, også innan ein populasjon. Til dømes vil hannane konkurrere om hoene. Nokre artar, som gråsporven, har ulik storleik på brystflekken. Hannane med størst brystflekk har større sjanse til å få ført gena sine vidare.

Hos hjortedyra er geviret eit trofé som gir dei konkurransemessige fordelar når dei skal skaffe seg eit harem. Om bukken ser frisk og rask ut trass i det store og tunge handikapet sitt, må han ha gode gen som hoene favoriserer når dei vel partnar og far til avkoma sine. Det same kan seiast om halefjørene og dansen til påfuglen.

Tenk gjennom!

Kva vil skje om simlene alltid føretrekkjer den største bukken med dei største gevira, og påfuglhoa alltid føretrekkjer hannen med den største fjørprakta?

Samarbeid i grupper

Nokre artar opptrer i større eller mindre familiegrupper. Fordelane ved å leve i ei gruppe er hovudsakleg at ein får hjelp til å forsvare seg, og at det aukar sannsynet for å finne eller fange mat.

For at ei gruppeåtferd skal ha utvikla seg ved evolusjon, må vinstane ved åtferda vere større enn kostnadene, og eigenskapen må vere arveleg.

Artsdanning ved naturleg utval

Artar kan utvandre og slå seg ned i ein ledig nisje. Det kan vere same type , men geografisk på ein heilt annan stad. Om konkurransen er for stor, kan dei bli nøydde til å tilpasse seg heilt nye forhold og utnytte andre ressursar enn det som var førstevalet deira tidlegare.

Charles Darwin beskreiv finkane som kom med ein storm til Galapagos. Der tok dei i bruk alle ledige . Over tid utvikla grupper av finkane nye eigenskapar tilpassa ressursane dei hadde tilgjengeleg i den nisjen og det habitatet dei slo seg ned i. Dette kunne skje takk vere genetisk variasjon og naturleg utval. Etter kvart blei populasjonane så ulike at dei utvikla seg til ulike artar.

Kamuflasje – ei tilpassing til miljøet

Artane blir over tid kamuflerte i dei omgivnadene dei held til. Individa i ein populasjon som er meir synlege enn andre, blir eit lettare bytte for predatorar. Kamufleringa gir betre vern mot rovdyr. Om omgivnadene endrar seg drastisk, kan nokre bli meir synlege og døyr ut. Dei som er kamuflerte etter miljøendringane, overlever og kan føre arten vidare.

Kamuflasje kan òg vere nyttig for jegerar. Då kan dei liggje roleg og vente på at byttet nærmar seg, slik som piggvaren på biletet. Den lever hovudsakleg av botnlevende fiskar.

Skrive av Kristin Bøhle og Hilde Ervik.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020